«På 20-årsdagen min var eg overbevist om at livet mitt var over»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har ein konsekvent angst for å bli eldre.

Dei heile starta på dagen då journalistar offisielt ville omtale meg som «ung kvinne» og ikkje «jente», dersom eg døydde i ei ulykke. 18-årsdagen min.

Tanken var at ingenting eg gjorde kom til å vere bra nok igjen, ettersom eg var myndig. Og det blei liksom ikkje betre, heller.

På 20-årsdagen min var eg overbevist om at livet mitt var over.

Eg veit ikkje kvifor, men det verkar som om vår generasjon tenkjer at ein minister kjem til å dukke opp på døra vår den dagen vi fyller 25, og skjelle oss ut for at vi ikkje har oppnådd nok.

Det hjelper heller ikkje å vere dame i kulturbransjen, der tradisjonen har vore at ein blir send til ein elefantkyrkjegard på midnattsslaget ein fyller 30. 

Kanskje alt stammar frå at vi vaks opp med talentshow, der virtuose 8-åringar improviserte fram ein kur mot kreft, medan dei song kraft-balladar på eit framandt språk og dansa stepping på broadway-nivå, på ei og same tid.

Då eg var 8 åt eg snørr, liksom.

Jo eldre ein blir, jo fleire suksessfulle menneske som er yngre enn deg finst.

Billie Eilish er eit år yngre enn meg, og ho har verdsherredøme. Olivia Rodrigo er TRE år yngre, og ho har skrive ein av dei største hittane nokosinne, og blitt venn med Taylor Swift. Og då Taylor Swift var 21, vann ho fire Grammy-prisar.

Kvar gong eg sit og plagar meg sjølv med dette, må eg minne meg på to viktige ting. Ein av dei, er at suksess ikkje er avhengig av prestasjon, men heller av personlege sigrar. Det er ein siger å lære seg ei ny oppskrift, og å endeleg tore å hoppe frå 10-meteren. Det er ein siger å fullføre ei bok, eller å finne eit album ein elskar.

Ein treng ikkje prestere eller lage noko for å ha suksess. Ein har suksess så lenge ein har det bra, og utviklar seg som person i den retninga ein ynskjer.

Den andre viktige tingen eg tenkjer, er at eg stort sett er fornøgd med livet mitt, heilt fram til eg begynner å samanlikne meg med andre.

Så til 21-årsdagen min ynskjer eg meg to ting.

Skylappar og vilje til å tru på den teksten eg nettopp skreiv. 


Les også korleis ho reagerte då frukosten hennar såg slik ut: «Inni meg held eg på å krepere»