Stormaktskampen om Afghanistan

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 09.07.2021 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På torsdag møtest leiande afghanske politikarar, Taliban og utsendingar frå USA, Kina og Pakistan til fredssamtalar i Moskva. På førehand kom det meldingar om at Afghanistan sin støttespelar India ikkje er med, men no skal dei truleg bli med likevel.

Forskingssjef ved CMI, Arne Strand, har jobba fleire år i Afghanistan frå slutten av 80-talet og har seinare forska på landet. Foto: CMI

– Det største dilemmaet i dag er Pakistan og India. Dei ligg ikkje i krig med kvarandre offisielt, men veldig mykje av det som skjer i Afghanistan er på ein måte ein krig dei i mellom, fortel forskingssjef ved Chr. Michelsens Institutt og Afghanistan-forskar, Arne Strand.

Dei islamske fundamentalistane i Taliban har blitt støtta av pakistanske styresmakter og militære, og den afghanske regjeringa blir i stor grad støtta av India.

Det store spelet

På 1800-talet og tidleg 1900-tal var Afghanistan sentral i det som blei kalla det Det store spelet – kampen mellom Det britiske imperiet og Det russiske imperiet om Sentral-Asia.

Frå 1980-talet var landet viktig i kampen mellom Vesten og Sovjetunionen. Og framleis speler USA ei viktig rolle medan Russland prøver å posisjonera seg. Saudi-Arabia og Iran er òg i konflikt, og har prøvd å posisjonera seg og støtta forskjellige grupper.

– Viss det skal bli ei løysing, så må alle desse òg bli med. Viss éin av dei ikkje ønskjer ei løysing, så held dei berre fram med å pøsa på med pengar og våpen til dei gruppene som dei støttar, seier Arne Strand.

I april er det eit nytt møte i Tyrkia, og USA har tatt til orde for eit FN-møte som inkluderer alle dei viktige nabolanda til Afghanistan i tillegg til USA.

I midten på bildet er den afghanske presidenten Ashraf Ghani og NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg. Til venstre er dåverande USAs forsvarsminister Mark Esper under ein pressekonferanse 29. februar 2020 etter at USA signerte ein fredsavtale med Taliban i presidentpalasset i Kabul. President Joe Biden går no gjennom 2020-avtalen med Taliban. Foto: AP Photo/Rahmat Gul

Skal Nato bli?

Taliban har vore tydelege på at dei internasjonale styrkane må forlata landet dersom dei skal gå med på ein fredsavtale. Utanriksministrane i Nato vil sjå an forhandlingane mellom regjeringa i Kabul og Taliban før dei avgjer eventuell tilbaketrekking av dei over 10.000 Nato-soldatane som no står i landet.

Tyskland er veldig klar på at dei synest det enno ikkje er tid for å trekka seg ut. Utanrikspolitikken til USA ser ut til å vera i ein tenkeboks for tida.

Afghanistan-ekspert Arne Strand trur ikkje det blir aktuelt å køyra inn fleire soldatar frå Nato. Han meiner éi løysing kan vera at det blir igjen nokre internasjonale styrkar som får i oppgåve å trena opp hæren og politiet, slik dei norske styrkane gjer i dag. Då kan ein definera dei som kapasitetsbygging og ikkje krigførande styrkar.

10 norske soldatar har mista livet i Afghanistan. Til saman 160.000 menneske har mista livet i evigheitskrigen. Foto: Forsvaret/PRT Meymanah/NTB

Strand meiner Taliban si haldning til stabiliserande styrkar er ein test på om dei vil noko med fredsmeklinga eller ikkje.

– Hadde eg vore Taliban i dag, så hadde eg synst det var strålande at det faktisk var nokon som kunne stabilisera landet viss dei verkeleg ville ha fred. Viss dei vil ha vidare krig og ta full kontroll, så ville eg så klart sagt «alle må ut». 

Han trur det er ulike meiningar i Taliban og det afghanske samfunnet elles. Men det at landet aldri har vore ein koloni, er viktig.

– Det er mange som ikkje likar at det er utanlandske styrkar i landet, og meiner det er afghanarane sjølve som skal bestemma kven som er i landet.

Avhengige av bistand

Taliban tok over makta i Afghanistan frå 1994 til dei inntok Kabul 1996. Då blei det kutta i all internajonsal bistand og det kom sterke sanksjonar frå FN.

– Då hadde dei ikkje ein sjans i helvete til å driva landet vidare. Viss dei ikkje hugsar det, så er dei ille ute, understrekar Strand.

Afghanistan er svært avhengig av bistand i dag. Ein kvar som vil styra veit at viss dei internasjonale kuttar all støtte, så blir dei ikkje særleg populære.

– Eg trur logikken er at «ja, me må vera med i forhandlingane om fred», men at dei må stå på prinsippa og finna på løysing på det, slik at dei ikkje mistar æra.

Stolt historie

Ein av dei store forskjellane frå naboland som Pakistan og India, er at Afghanistan ikkje har vore koloni.

– Afghanarane er ekstremt stolte over det, forklarar Arne Strand.

Det er ein viktig del av grunnen til motstaden mot Sovjet då dei invaderte landet, og ein viktig del av grunnen til at Taliban ikkje vil ha framande styrkar i landet no, meiner Arne Strand.

Måleriet til Elizabeth Butler viser assistentlegen William Brydon, den einaste britiske overlevande i januar 1842 etter slaget om Kabul.

Då det britiske imperiet prøvde å invadera Kabul i 1842 var det berre éin brite som overlevde.

– Dette bildet blir heile tida brukt for å synleggjera kor stolte dei er over å ha banka britane.

Då det gjekk frykteleg galt

Britane fekk etter kvart kontroll over mesteparten av landet, utan at det blei ein koloni av den grunn. I 1919 fekk landet sjølvstende frå britane, og i 1964 fekk landet ei ny grunnlov og kvinner fekk større rettar.

Sovjetisk soldat held utkikk gjennom eit vindauge i 1988. Foto: Mikhail Evstafiev, CC BY-SA 3.0-lisens

I 1973 gjennomførte Muhammed Daoud Khan, onkelen til kong Zahir Shah, eit kupp der han utnemnde seg sjølv til president. Fem år seinare blei han sjølv drepen i eit nytt kupp, gjennomført av det afghanske kommunistpartiet.

Året etter blei Afghanistan invadert av Sovjetunionen, og landet har sidan då vore i krig. USA, Saudi-Arabia og Vesten mobiliserte, og støtta afghanske Mujahedin i kampen mot det sovjetstyrte landet.

Dåverande USA-president Ronald Reagan møtte representantar frå Mujahedin i det ovale kontoret i 1983. USA støtta Mujahedin-grupper i kampen mot Sovjetunionen i Afghanistan. Foto: Det kvite huset

Sovjetunionen trekte dei siste styrkane sine tilbake i februar 1989. Mujahedin-partiet tok etter kvart makta. Etter kvart blei det full borgarkrig mellom ulike grupper i Afghanistan.

Før 1992 hadde kring 1,5 millionar menneske mista livet i krigen i Afghanistan.

I 1994 tok Taliban makta og inntok Kabul i 1996. Dei samarbeidde og gav vern for terrornettverket Al-Qaida og Osama Bin Laden.

«19 crazy arabs changed our lives»

11. september 2001 gjekk Al-Qaida til åtak mot USA. Det var ingen afghanarar blant desse.

– Afghanarane seier «19 crazy arabs changed our lives», fortel Arne Strand.

Arne Strand heldt føredrag om Afghanistan på Stord under Berekraftvekene i februar. Her viser han eit afghansk teppe som viser terroråtaket 11. september 2001. Foto: Svein Olav B. Langåker

Knapt ein månad etter åtaket gjekk USA og NATO inn i landet og Taliban mista makta. Noreg har vore i landet med norske styrkar i snart 20 år.

Taliban blei militært nedkjempa og gjekk under jorda. Nokre reiste til Pakistan, ein god del blei arresterte og hamna på Guantanamo. Taliban mista oppslutnad. Organisasjonen prøvde å forhandla ein avtale med utlevering av Osama Bin Laden, men USA sa nei til dette. Så gjekk dei heilt under grunnen.

Store endringar

Så skjedde det ei stor endring for landet som hadde levde lenge med sanksjonar.

NATO gjekk inn med styrkane sine. Verdsbanken og FN gjekk inn med bistand. Det skulle koma inn ei ny regjering, demokrati, eit nytt justisvesen og ein skulle bygga opp hæren.

Etter 2001 har talet på jenter som går på skular gått frå eit par hundre tusen til fem-seks millionar. Tilgang til helsetenester for kvinner har blitt veldig mykje betre. Mobilnett, vegar og fleire universitet er bygde ut.

Les artikkelen vår frå 2011 om jentene som viser gode sider frå kvardagslivet i Kabul!

Mange afghanske jenter har fått eit friare liv etter at Taliban mista makta. Her er ei gruppe jenter på taekwondotrening tidlegare i mars. Foto: AP Photo/Rahmat Gul

Korrupsjon og negativ utvikling

Regjeringa blei ei blanding av tidlegare krigsherrar med heilt eigne interesser og byråkratar frå dei frivillige organisasjonane.

Arne Strand hadde på eit tidspunkt to tidlegare tilsette som sat i regjeringa.

– I regjeringa var det nokon som ikkje var interesserte i å regjera på vegner av Afghanistan. Dei var berre interesserte i å bruka regjeringa for å sikra eigne interesser.

Sidan 2014 har utviklinga vore meir negativ.

– Det heng saman med at dei internasjonale styrkane har starta å trekka seg ut, at Taliban har fått meir innverknad, og at den afghanske regjeringa har rota vekk frykteleg mykje pengar på korrupsjon. Fattigdomen har auka. Arbeidsløysa er på 40 prosent, og ungdomsarbeidsløysa har auka massivt, påpeikar Arne Strand, og legg til:

– Med tanke på mykje som er investert i landet, så er det nesten ufatteleg at det kan ha skjedd.

Korrupsjonen er så massiv at pengane ofte ikkje kjem i nærleiken av dei som skulle ha dei. Det er folk som sit i sentrale posisjonar som sikrar at familiemedlemmar har ein jobb i ministeriet, og at pengane går til løn til dei sjølve.

Det gjer det veldig enkelt for Taliban å mobilisera. Korrupsjonen har òg gjort at donorlanda har skrudd igjen pengekranane.

I 2009 blei dåverande visepresident Ahmad Zia Massoud tatt med 52 millionar dollar i bagasjen på flyplassen i Dubai.

Ulovleg dyrking av opiumsvalmuer, som vert nytta til å laga heroin, er òg med på å finansiera våpen som blir brukt av Taliban, og til medlemmar av regjeringa som er med på å verna smuglarrutene.

LES OGSÅ: Pengeflaumen held fram

President Ashraf Ghani (midten), tidlegare president Hamid Karzai (til høgre) og Abdullah Abdullah (til venstre) på eit fredsmøte i Kabul 29. september i 2020. Foto: AP Photo/Rahmat Gul

Valet ingen vann

I 2004 vart Hamid Karzai den første valde presidenten i Afghanistan, etter å ha hatt rolla mellombels sidan 2002. Etter å ha vorte attvald i 2009, gjekk presidentperioden hans ut i 2014.

Valet stod mellom Ashraf Ghani ein gamal byråkrat, antropolog og finansminister og Abdullah Abdullah, Karzai sin tidlegare utanriksminister frå 2001 til 2005.

Ghani vann valet, ifølgje offisielle tal. Men på grunn av skuldingar om valjuks frå begge sider, er det ingen som veit kven som vann.

– Viss noko er med på å riva i sund landet, så er det at dei som er valt til å styra landet kjempar mot kvarandra, seier Arne Strand.

Til slutt greip USA inn, og fekk forhandla fram ein ny avtale om maktdeling. Pashtunaren Ashraf Ghani blei president og den delvis pashtunaren og tadjikaren Abdullah Abdullah blei leiar for rådet for nasjonal gjenforeining.

Kabul i februar 2021. Foto: AP Photo/Rahmat Gul, File

Valdsspiral

Taliban kontrollerer no meir enn halvparten av landet. Den islamske staten (IS) har òg fått eit feste i landet, og står bak dei fleste terroråtaka i landet.

Tryggleiken har blitt vesentleg verre. Mediefolk, menneskerettsaktivistar og personar frå sivilsamfunnet blir drept i Kabul utan at nokon tar ansvar. Ifølgje FN er det dokumentert totalt 8820 drepne og skadde sivile i 2020.

Under Trump blei Taliban invitert til forhandlingar direkte med USA. Dei underteikna ein fredsavtale i Doha 29. februar 2020. Avtalen blei støtta av Kina, Russland og Pakistan, medan den afghanske regjeringa ikkje var involvert. Ifølgje avtalen skulle USA trekka ut styrkane sine innan 1. mai i år. Taliban lovde på si side å redusera valden og ikkje angripa internasjonale styrkar og kutta forholdet til Al-Qaida.

– Men afghanske styresmakter var ikkje interesserte i å snakka med Taliban. Dei følte det var pressa på dei. Dei ville ikkje utlevera krigsfangar og ville ikkje møta før meir var avklart.

Etter dette har valden auka.

Denne bussen blei utsett for eit bombeattentat måndag 15. mars. Minst 15 menneske vart skadde. Åtaket er del av ein serie åtak den siste tida. Foto: AP Photo/Rahmat Gul

Biden i tenkeboksen

Akkurat no er det ingen som veit kva som skjer vidare. Kan det bli ein forhandla fred? Vil internasjonale styrkar trekka seg ut?

– Alt står i stampe før ein veit kva den amerikanske presidenten Biden faktisk vil, og kva Nato vil, seier Arne Strand.

Afghanske kvinner som har jobba med menneskerettar er livredde for at alt det som har blitt gjort i løpet av dei siste 20 åra kan bli øydelagt viss Taliban kjem tilbake til makta. Andre er bekymra for ein ny borgarkrig og at bistandsorganisasjonar skal trekka seg ut.

– Det er betre med ein dårleg fredsavtale, enn ingen fredsavtale, seier forskingssjefen ved CMI, og konkluderer:

– Det er betre at det blir ei våpenkvile slik at folk kan pusta litt igjen. Så mange drepne, så mange flyktningar og så mange som ikkje føler at dei kan bygga ei framtid er ekstremt destruktivt. Viss du har ein avtale, så har du noko å forhandla om. Det er betre enn krig.


Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no