FpU sine nettsider vart hacka
Måndag viste FpU sine nettsider heilt ein ny bodskap på grunn av eit hackaråtak.
Nettsida til Framstegspartiets Ungdom (FpU) vart hacka måndag ettermiddag. Det stadfestar fungerande leiar Lars Andreas Scheide Vartdal i ei melding til Dagbladet.
Punkta «Skjenking av nordmenn i alle aldre», «lovlig sex med mindreårige», og «lovlig smugfilming» blei framheva på nettsida, ifølgje avisa.
Det vanlege slagordet «En friere fremtid» var også bytt ut med «En friere aldersgrense – Fremskrittspartiets Ungdom – noen grenser bare satt for å bli flyttet».

Desse punkta blir vanlegvis framheva på nettsida til FpU. Skjermbilete frå august 2026 via Wayback machine.
Ikkje FpUs kommunikasjon
FpU-leiar Vartdal fortel at dei sette i gang tiltak då dei oppdaga hendinga, og dei sender trafikken vidare til moderpartiet sine sider som eit mellombels tiltak. Når Framtida prøver å gå inn på sida torsdag morgon, blir vi framleis automatisk dirigert vidare til Framstegspartiet sine sider.
Vartdal understrekar at det som står på nettsidene ikkje er meiningane til FpU.
– Vi gjer samstundes merksam på at innhaldet som følge av åtaket ikkje er publisert eller godkjent av FpU, og difor ikkje må forståast som FpUs kommunikasjon.

FpUs vanlege slagord, før nettsida vart hacka. Skjermbilete frå august 2026 via Wayback machine.
Varslingssak
Den nye teksta på sida refererer truleg til dei siste nyheitssakene rundt FpU, der tidlegare leiar Lars Barstad Løvold fekk eit varsel mot seg av eit lokallag. Løvold vart skulda for å ha kome med upassande kommentarar og meldingar til eit 17-årig medlem, og for å ha vore til stade på ein fest der ho vart skjenka alkohol.
Varslingssaka vart avslutta etter Løvold trekte seg som leiar 20 august. Førre veke møtte han og den no 18 år gamle kvinna opp i Debatten på NRK for å forklare si side av saka.
FpU har i tillegg stått i fleire saker den siste tida. Partiet har blitt kritisert for alkoholbruken på sommarleiren, der politiet også rykte ut etter melding om ei valdtekt. Saka vart seinare lagt bort på bevisets stilling.
● Les også: FpU-leiar Lars Barstad Løvold trekkjer seg
● Les også: FpU stadfestar varselsak mot leiar






