«Ei stemme til EU-motstandarar er ei stemme for demokratiet»

Frankie Rød og Victoria Elisabeth Andal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi er utruleg takksame for at vi lever i eit demokrati, og at stemma vår har noko å seie. Samstundes har stemmene til folk betydd mindre for kvart val sidan 1994, då EØS-avtalen tredde i kraft.

Sidan vi inngjekk EØS-avtalen har vi innført over 11.000 direktiv. Flesteparten av desse er små og relativt ubetydelege, men det er også mange av dei som har stor påverknad på norsk politikk. Jernbanepakke 1, 2 og 3 (og snart 4) legg masse føringar for norsk jernbanepolitikk, Postdirektivet har omrokkert heile det norske postsystemet, og Noreg sin tilslutnad til EU sin klimapolitikk gjer at den norske klimapolitikken blir styrt frå Brussel.

Udemokratisk

Kvar gong vi innfører eit nytt direktiv eller blir lagt under eit nytt byrå blir makt flytta frå norske stemmer, og til Brussel. Slik får stemma di mindre betyding.

Ved kvart val kan vi som borgarar vere med å påverke om stemma vår skal ha meir, eller mindre å seie. Stemmer du på EU-venlege parti, stemmer du også for mindre makt over eigen kvardag, og over norsk politikk.

Kvar gong vi innfører eit nytt direktiv eller blir lagt under eit nytt byrå blir makt flytta frå norske stemmer, og til Brussel.

No er det på tide at vi bestemmer politikken som skal styrast i Noreg, slik at vi kan leggje føringar på korleis vi vil ha det i vårt land. Det er udemokratisk at EU skal prøve bestemme over vår jernbane, vår straum og vår klimapolitikk. Vi må ha tillit til at politikarane vi stemmer inn på Stortinget gjer jobben for Noreg, og lage avtalar som verkar positivt inn for Noreg.

«One size fits all-politikk»

No har vi hatt mange år med ei EU-positiv regjering, og EU har påverka Noreg på ein måte som ikkje vil gi Noreg betre inntekter eller mindre klimautslepp. Demokratiet er noko vi aldri skal ta for gitt, og demokratiet skal vere så nært at både eg, du og våre besteforeldre kan vere med og påverke og vere kritiske.

Når avgjerder blir tatt på nært hald kan vi treffe befolkninga sitt behov på ein betre måte, i staden for EU sin «One size fits all-politikk». EU sine reglar og standardar er ikkje tilpassa norske forhold.

Ved valet neste veke vil vi oppfordre alle til å stemme for sjølvstyre, og stemme på parti som ikkje ønskjer å gi frå seg meir makt til EU.


Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Giorgia Meloni, leiar av det ytterleggåande høgrepartiet «Brødre av Italia» under ei TV-sending om det italienske lokalvalet i 2020, der partiet gjorde det historisk godt. Meloni sitt parti ligg no an til å kunne bli største parti i Italia. (Roberto Monaldo/LaPresse via AP)