Studentsmitte i Trondheim: Studentane skal få isolasjon på hotell

Mange studentar er smitta i Trondheim, og dei vil få tilbod om isolasjon på hotell. Samtidig legg kommunen opp til at folk kan teste seg heime.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste døgnet er det registrert 113 nye smitta i Trondheim. Av desse er 20 personar mellom 10 og 19 år, medan 88 personar er mellom 20 og 29 år.

Kommunen vil tilby smitta studentar å gjennomføre isolasjonen på hotell, ifølgje fungerande kommuneoverlege Elizabeth Kimbell.

Ventar vedvarande høgt smittetrykk

– Sjølv om dei smitta er unge, og dei eldre er godt verna, ønskjer vi ikkje fri smittespreiing. Sjukdommen kan vere belastande for dei studentane som blir smitta, det set mellom anna studium og livet på vent. Mange er studentar som nyleg har flytta heimanfrå, og som er i ein sårbar situasjon, seier ho.

Kommunen ventar at smittetrykket vil halde seg på eit høgt nivå i dagane framover.

Frå neste veke vil kommunen leggje opp til at fleire kan teste seg sjølv for å kunne avlaste testkapasiteten i byen. Kommunen kjem nærare tilbake til korleis dette skal løysast praktisk neste veke.

– No testar vi cirka 1.500 kvar dag, og vi vil samtidig auke kapasiteten med ytterlegare 500 i neste veke, seier helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli.

Satsar på å teste 35.000 studentar

Kommunedirektør Morten Wolden seier at kommunen satsar på å teste 35.000 studentar dei neste dagane.

– No gjeld det å vaksinere. Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har bede oss prioritere studentane, seier han.

Trondheim, som torsdag skjerpa koronatiltaka, har slite med kapasiteten den siste tida. Fredag morgon hadde koronatelefonen 500 samtalar berre dei første ti minutta.


Illustrasjonsfoto: Scott Webb/Unsplash