FHI rår folk til å førehandsstemme

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig bra og det tryggaste når det gjeld samling. Bruk munnbind eller gå og førehandsstem, seier fagdirektør Frode Forland i FHI til NTB.

Når det gjeld sjølve valdagen, trur han ikkje det blir nødvendig med særskilde tiltak.

– Valet er å rekne som eit arrangement som skal gjennomførast i tråd med dei vanlege smittevernreglane. Vi trur ikkje at det blir nokre situasjonar der som vil krevje ekstra tiltak, seier Forland.

Ifølgje Valdirektoratet har nær 11 prosent av dei stemmeføre ved valet i år allereie stemt. Det svarer til 420.845 stemmer.


Valdagen for både stortingsvalet og sametingsvalet er mandag 13.september. Men du kan stemme allereie no. Biletet er frå kommune-og fylkesvalet i 2019. Foto: Valdirektoratet