Unge synest det er OK med politisk reklame i sosiale medium

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje uventa er unge generelt meir positive enn eldre til politisk reklame, særleg i sosiale medium, viser ei spørjeundersøking frå Medietilsynet. Litt under halvparten av dei over 26 år vil ikkje ha servert politisk reklame, medan berre tre av ti under 26 år seier nei takk.

– Dei unge oppfattar politisk reklame i sosiale medium som ei viktig kjelde til informasjon om kva dei ulike partia står for og ønskjer seg fleire faktaorienterte reklamar, seier sjef i Medietilsynet Mari Velsand.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

Tysdag skapte det bruduljar då MDG sende ut tekstmeldingar til tusenvis av veljarar. Ikkje overraskande ut frå tala i undersøkinga: Heile åtte av ti er negative til politisk reklame på SMS.

Personlege data

Framleis synest fleire unge enn eldre at personlege data godt kan brukast til å skreddarsy politisk reklame i sosiale medium, men skepsisen aukar. Av dei under 26 år meinte 27 prosent at dette er OK, opp frå 19 prosent året før.

– Utviklinga kan tyde på ei større merksemd rundt bruk av personlege data og datatryggleik. Dette medvitet kan òg vere aukande no som vi nærmar oss eit val, seier Velsand.

I Noreg er det forbode med politisk reklame på TV, men altså tillate i sosiale medium.


Sofie Husseini (17) og Tonje Marie Halmrast (18) skal stemme for første gong ved Stortingsvalet til hausten, og meiner skule og klima er dei vikitgaste sakene. Foto: Kristiane Bøgwald.