Om FpU-kampanjen: «Legitimerer eit hat som er der ute»

Frida Pernille Mikkelsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten stod først publisert på Twitter, og er gjengjeven med løyve. 

Vi må snakke litt meir om kvifor FpU sin «F**k nynorsk»-kampanje er veldig problematisk. Han legitimerer eit hat som er der ute, og han skal møte tusenvis av ungdom i vekene framover. Det er så sjukt lite greit.

Det har vore mykje prat i det siste om kor mykje hat spesielt ungdomspolitikarar får. «F**k nynorsk»-plakaten til FpU og linja han legg gjer at mange folk framover kjem til å tenkje at det er endå litt meir ok å hate nynorsk, og å vere direkte stygg med oss som skriv det. 

Når eg er positiv til nynorsk «på trykk» blir kommentarfeltet fylt av utsegn om kor dum eg er, samstundes som det dukkar mange uhyggelege meldingar i min private innboks.

Når Norsk Målungdom legg ut ting som går litt breiare ut haglar det med meldingar som «nynorskfolk må dø». Hatet er der! 

Nei til hatet, ikkje språkdebatten

Eg trur mange unge målfolk kjenner på at det er vanskeleg å møte hatet. Fordi det er greit å hate på nynorsken, for det er jo berre ei meining om eit språk. Men det er ikkje berre det. 

Når ein snakkar ned eit språk, snakkar ein ned brukarane av det språket også. Det kjenner brukarane av mindretalsspråk ekstra mykje på. Og dette er ikkje eit nei til språkdebatten, det er berre eit nei til hatet i debatten. 

Eg ser det i nye tillitsvalde i organisasjonen. Ein er litt redd, redd for å seie noko som skal vekke dette hatet i personane ein skal møte til debatt, eller for den del berre rundt bordet i kantina på skulen. Det krev styrke å stå i dette, den styrken finn mange.

Så er det også mange som ikkje finn den, og det forstår eg godt. Fleire seier dei byter til bokmål fordi det er enklare. Kvifor er det enklare? 

Fordi ein ikkje treng forsvare språket sitt kvar dag? Fordi ein ikkje må bli pålagd skulda for at x fekk ein dårleg karakter på vitnemålet? Vi snakkar mykje om dei andre grunnane til språkbyte, eg trur gryta FpU prøver å røre i også skal ha ein del av skulda. 

Eit siste tillegg, som Vebjørn Sture seier, det er ikkje berre eit valkamp-utspel frå FpU, det er eit bilete på eit eksplisitt nynorskhat partiet vedtek igjen og igjen. Dei gøymer seg bak påstanden om at dette handlar om valfritt sidemål. 


Mållagsleiar Peder Lofnes Hauge reagerer på valplakatane til FpU. Denne hang hjå Charlottenlund skole i Trøndelag i førekant av ein skuledebatt måndag. Foto: Foto: Noregs Mållag, Marit Voldsund Fjeldvær (sentralstyremedlem i Norsk Målungdom). Kollasj: Framtida.no