Sumaya Jirde Ali får Amalie Skram-prisen: – Ei viktig stemme

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og det meiner juryen i Amalie Skram-selskapet at Jirde Ali så absolutt gjer.

– Som Amalie Skram, gir Sumaya Jirde Ali stemme til dei undertrykte, dei umyndiggjorde og dei marginaliserte. Som Skram, våger ho å utfordre dominerande oppfatningar, og som Skram, har ho fått kjenne på kva det kostar å kritisere det etablerte, heiter det i grunngivinga:

– Gjennom tekstane sine krev Jirde Ali eit vidare rom for å ytre seg som minoritet, og som Skram er ho nådelaus i dette kravet. Ved å slåst for eit større ytringsrom gjennom litteraturen, blir det skapt nye innsikter, og, kan vi håpe, større forståing og meir solidaritet, heiter det vidare frå juryen, som fastslår:

– Jirde Ali er ei viktig stemme i det norske litterære landskapet, som ho er det i samfunnsdebatten.

Bokdebuterte som 18-åring

Poeten, samfunnsdebattanten, spaltisten og redaktøren Sumaya Jirde Ali (f. 1997) debuterte som 18-åring med diktsamlinga «Kvinner som hater menn» i 2017, og følgde opp med «Melanin hvitere enn blekemiddel» i 2018 og pamfletten «Ikkje ver redd sånne som meg». Nyaste utgiving er diktsamlinga «Når jeg ser havet, slokner lyset», som kom tidlegare i år.

Amalie Skram-prisen blir delt ut kvart år på fødselsdagen til forfattaren, 22. august, i år på Litteraturhuset i Bergen. Den vart første gong delt ut i 1994, til Liv Køltzow, medan fjorårets vinnar var Brit Bildøen. I 2021 er det 175 år sidan Amalie Skram vart fødd, noko som skal markerast ved statuen av henne i Bergen søndag.


Foto: Gry Kristiansdatter/ Aschehoug. Kollasj: Framtida.no