Sumaya Jirde Ali (24) vert ny redaktør i det feministiske tidsskriftet Fett

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I alle desse år har eg opplevd Fett som eit gjevande intellektuelt søsterskap som har hjelpt meg utvikle min feminisme og antirasisme, seier Sumaya Jirde Ali i ei pressemelding.

Den engasjerte poeten og samfunnsdebattanten tek over stillinga som redaktør etter Hanne Linn Skogvang.

Sosialantropologi og dikt

Jirde Ali har ein bachelor i sosialantropologi, og er fast spaltist i Morgenbladet. Ho har òg skrive for magasinet Fett og er i år aktuell med si tredje diktsamling, Når jeg ser havet, slokner lyset.

Den påtroppande redaktøren har sin første arbeidsdag 18. mai, og tek over stafettpinnen for fullt 15. juni.

– Fett skal fortsetje å vere ein premissleverandør i norsk offentleg ordskifte, no berre med ein meir offensiv posisjon. Innhaldsmessig kjem vi til å fronte interseksjonell feminisme, men det er ikkje sånn at berre feministar kan lese Fett, eller at vi rettar oss særleg mot dei som tenkjer og meiner det same som oss.


Foto: Gry Kristiansdatter/ Aschehoug. Kollasj: Framtida.no