Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter koronaen fekk eg av mange, både forståelege, og somme meir mysteriøse, grunnar nokså urovekkjande lesesperre.

Mona Høvring fortel at ho somme år kan lese så mykje som 4-5 bøker i veka, til og med fleire. I det siste har det likevel vore færre.

– Men eg elskar å lese, og gler meg til at lese-evna og gleda kjem til meg for fullt att, skriv forfattaren på e-post til Framtida.no.

Frå omnsoperatør til kritikarrost forfattar

Høvring avslører å ha jobba som alt frå omnsoperatør til tannlegeassistent, men ho er nok mest kjent som kritikarrost forfattar.

Høvring debuterte med diktsamlinga IIK! Ein dialog i 1998. Sidan har ho mellom anna fått Språklig samlings litteraturpris for forfattarskapet sitt, vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Camillas lange netter og blitt tildelt Kritikerprisen for romanen Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født. I år fekk Høvring Doublougprisen for sitt samla forfattarskap.

I haust er ho aktuell med romanen Soga om Fråid. Boka blir av forlaget skildra som ein roman om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere – og ønsket om å få vere sola til eit anna menneske.

Foto: Rune Christiansen

Vi har kika i bokhylla til forfattaren:

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg har to bøker liggjande klare som eg gler meg storleg til å lese. Den eine heiter Så den store fuglen ikke tar deg. Det er ein slags science-fiction-roman skriven av Hiromi Kawakami, og romanen er omsett frå japansk til norsk av Magne Tørring (Press forlag).

Samstundes har eg også fått i hus ein annan riktig godbit: romanen Lausgjengar – Notat frå eit ustadig liv av Fumiko Hayashi, omsett frå japansk til norsk av Ika Kaminka (SKALD forlag).

Om det nokon gong blir mogeleg, så reiser eg til Japan. Førebels via fiksjonen (og omsetjerane) sine nåderike gåver.

For tida står desse japanske bøkene på leselista til Mona Høvring. Omslag: Press / Skald / kollasj Framtida.no

Kva bøker les du helst?

Eg er nokså «altetande» når det gjeld sjanger og tematikk.

Omslag: Verbum

Kor les du?

Helst i einerom, når eg er for meg sjølv.

Kva bok vart lesen til deg som liten?

Fleire vaksne las ofte høgt for meg frå Bibelen.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Alt eg las gjorde inntrykk. Absolutt alt.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Eg er svært glad for dei bøkene eg har fått høve til å skrive. Eg har ikkje skrivinga som eit «envy-prosjekt». På det viset kjenner eg meg nokså harmonisk, i grunnen.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Jamfør Poul Borum: At forfattaren kan skrive, og at forfattaren har noko å skrive om. Og: At det på eit eller anna nivå «står om livet», at boka «rykker meg ut», at boka får meg til å «transe inn» i eit slags tidlaust svev, til dømes.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Dei urolege.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kurt Vonnegut Jr. – Då eg las Gud velsigne Dem, Mr. Rosewater, eller Perler for svin fyrste gong var eg både rysta og letta, ja beint fram full av fryd var eg.

(Tema for samtala under middagen: #1: «What is the point of life?» #2: «We are here to help each other get through this thing, whatever it is».)

Kurt Vonnegut Jr. var ein amerikansk forfattar. Bokomslag: Vintage forlag. Foto: WNET-TV/ PBS – eBayfrontback, Offentlig eiendom, Wikimedia Commons, kollasj Framtida.no

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Ver så snill, ikkje ta meg til Helvete.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Det er ved fleire høve tatt opsjon på romanar eg har skrive. Mi røynsle førebels er at det har vore mange ambisjonar og planar om filmatiseringar som det aldri har blitt noko av, så det brukar eg svært lite tid på å fabulere om.


Bokomslag: Gyldendal Norsk Forlag, Cappelen Damm

Fakta

Namn: Mona Høvring

Alder: 58 år (f. 08.10.1962)

Frå: Karmøy, Kopervik, Høvringhuset, Strandgata 20

Utdanning: Inga akademisk utdanning

Noverande yrke: Forfattar

Somme tidlegare yrke: Mellom anna omnsoperatør og skiftarbeidar på aluminiumsfabrikk, tannlegeassistent, medarbeidar i bokhandel, forpleiningsassistent offshore.