Fem bøker om kulturmøte – frå Karen Blixen til Simon Stranger

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Litteratur om kulturmøte er ein sjanger som har vore til alle tider, men som har fått ein særleg oppsving dei siste åra.

Her kjem eit knippe bøker som viser ulike kulturar sitt møte med den skandinaviske majoritetskulturen, noko som på ulikt vis rører ved dagsaktuelle tema i samfunnsdebatten. 

Den afrikanske farm – Karen Blixen (1937)

Denne klassikaren handlar om dei 17 åra Blixen dreiv ein kaffifarm i Britisk Aust-Afrika, som i dag er det noverande Kenya. Igjennom skildringane hennar av livet, einsemda og kjærleiken til både menneska og landet gjev romanen eit innblikk i koloniseringa av Afrika, og korleis det har prega kontinentet både då og i dag.

Det gjev lesaren eit nyttig perspektiv til å forstå rasismedebatten i fortid og i dag, men er òg ein gripande biografi om ei kvinne med ei livshistorie som er langt i frå keisam.

Den danske forfattaren Karen Blixen skreiv boka under pseudonymet Isak Dinesen i 1937. Ho skreiv boka først på engelsk med tittelen Out of Afrika, og omsette boka så til dansk. Foto: Gyldendal, SAS Scandinavian Airlines [Offentleg eigedom], via Wikimedia Commons, kollasj Framtida.no

Vekselsang – Laila Stien (2007)

Tre samiske kvinner, frå ulike generasjonar fortel om livet sitt til ein framand. I forteljinga, er synsvinkelen i stor grad prega av den framande og utanforståande kvinna sitt blikk, noko som òg blir eit tema i boka.

I det som ser ut som tilfeldige samtalar kjem ei historisk utvikling til syne, noko som blant anna viser seg i dei kulturelle forskjellane mellom det norske og det samiske. Vidare, viser det seg òg i tematikken, som omhandlar tap på både individuelle og kollektive plan. Det gjer boka til ein nøkkelroman for å forstå spenninga mellom den norske og den samiske kulturen i fortid og i dag.

Foto: Orland/Laila Stien, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons, Tiden forlag, kollasj Framtida.no

Montecore – en unik tiger – Jonas Hassen Khemiri (2008)

I det ein får inntrykk av er ein sjølvbiografi får forfattaren ein mystisk e-post frå ein mann som utgir seg for å vera ein gamal ven av far hans. I e-posten blir Jonas oppmoda til å skrive ein biografi om faren, som har vore sporlaust forsvunnen i fleire år. Gjennom forsøket veks romanen fram mellom historieutvekslinga med venen som minnest barndomen i Tunis og Jonas sine eigne barndomsminne frå Sverige.

Etter kvart som Jonas skriv og e-postane blir fleire, utviklar boka seg til å bli ei historie om å vekse opp i eit land der toleranse og mangfald blir hylla, men framandfrykt og rasisme framleis råder. 

Foto: Martin Stenmark / Gyldendal Norsk Forlag, kollasj Framtida.no

De som ikke finnes – Simon Stranger (2014)

Denne gripande romanen er den tredje og siste boka i trilogien om den norske tenåringsjenta Emilie og den afrikanske flyktningen Samuel. I boka følger ein Samuel på reisa hans som papirlaus flyktning gjennom Europa til Noreg. Utan forvarsel står Samuel utanfor vindauget til Emilie og då han er rettslaus er det ikkje mogleg å hjelpe han utan å risikere at han blir send tilbake til ulevelege kår.

At Stranger ikkje legg mykje mellom linjene gjer at boka gjev eit sterkt inntrykk hjå lesaren og er med på å gje ei stemmelaus gruppe menneske ei synleg stemme i samfunnsdebatten. 

Foto: André Løyning / Cappelen Damm, kollasj Framtida.no

Omslag: Forlaget Manifest

Vi puster fortsatt – Yohan Shanmugaratnam (2020)

I denne boka tek forfattaren lesaren med på ei reise frå han sjølv flytta til Noreg frå Sri Lanka – til 22.juli, 11. september, og drapet på George Floyd og Benjamin Hermansen.

Boka er skriven som eit brev til barna hans, om hans eigen oppvekst og familie, og om det Noreg han sjølv vaks opp i og slik landet ser ut i dag.

Sjølv skildrar forfattaren boka som ein tidskapsel om røter og rasisme, og skriven med ein skarp penn er det ei bok som verkeleg gjev inntrykk. At Shanmugaratnam gjev eit ansikt til rasismedebatten gjer boka til eit viktig bidrag til den brennaktuelle debatten i Noreg og i verda.  


Foto: Julie Pike/Gyldendal, Truls M. Qvale/Cappelen Damm, Marie von Krogh/Cappelen Damm, kollasj Framtida.no