Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mona Høvring (f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har motteke fleire prisar.

No er ho ute med ein ny familieroman, som skil seg ut frå mengda.

Fråid, stemor og psykisk helse

Romanen handlar om tenåringsguten Fråid, som styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva. Mor deira har forlate dei, og far deira Vulgaris er skippar og stadig ute og seglar. Likevel får den etablerte familiestrukturen ei brå vending dagen Vulgaris tek med seg ei stemor heim til ungane.

Stemora ved namn Demona de Sjavy er ikkje ei kva som helst dame, og fargar stemninga i huset med det ustabile temperamentet sitt. På trass av det er Fråid fascinert av stemora, og gjer alt for å prøve å få ho til å le då ho går inn i ein tung depresjon etter eit mislukka foreldremøte på skulen.

Ein heilt vanleg familie som skil seg ut

Med referanse til 80-talsikonet Randi Hansen sin hit «Hvis æ fikk være sola di», handlar romanen om det å ville vera sola til eit anna menneske. Sjølv skildrar Fråid songen og ikonet med orda:

Randi Hansen rørte ved strengar som Fråid ikkje ante fanst i han, desse blaute kjenslene som kunne samanliknast med strengemusikk, med sirup og smør, kan hende, med rennande lava, logar av eld.

I Fråid sine to parallelle prosjekt, som går ut på å få Demona til å le, samt å få seg kjærast, utspeler det seg eit djupt, rart og humoristisk familiedrama. På ein måte er romanen eit portrett av ein heilt vanleg familie, men som likevel skil seg ut. Det gjer at romanen teiknar eit bilete av normale i det unormale.

Vidare, leiker Høvring seg med både språk og sjangrar, samt å sprenge grensene til det naturlege. Til dømes kan menneska endre storleik og fargar: håret til den vakre og skyhøge kvinna som brått stod framfor dei, skifta farge frå grønt til raudt.

Nytenkjande og eksperimentell

Språket er både rikt, vakkert og poetisk. Det, saman med handlinga gjer at romanen er langt i frå keisam. I tillegg til det, har språket moderne og språklege vendingar: Trass i ei søvnlaus natt var Terje Eddipus supernova-smilande, über-nøgd som han var med den nye frisyren sin. Dei moderne trekka gjer at boka, som eg vil tilrå ungdomar, er tilpassa målgruppa.

I alt, er dette ein roman ein burde lese dersom ein vil oppdage nytenkjande og eksperimentell litteratur. Likevel, går eksperimenteringa etter mi meining somme gongar ut over flyten i handlinga. Døme på det er at det tok tid før ein forstod universet og humoren.

Likevel, er romanen ei absolutt å anbefale dersom ein vil lese noko som skil seg ut frå mengda.


Forfattar Gaute Sortland er ein storkonsument av klassikarar, og skulle gjerne skrive Til fyret av Virginia Woolf. 

Gaute M. Sortland gir i haust ut novellesamlinga Avsporingar. Foto: Sverre Skjold, omslag Samlaget, kollasj Framtida.no

Soga om Fråid

Forfattar: Mona Høvring

Utgitt: 2021

Sjanger: Familieroman

Forlag: Samlaget 

Sider: 129