Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det går mest i klassikarar. Der er eg ein storkonsument, avslører Gaute M. Sortland på e-post til Framtida.no. 

Han fortel at det varierer kor mykje han får lese, men at det for tida ligg på kanskje tjue titlar i året.

Omslag: Samlaget

– Av nyare bøker har eg lese Klara og solen av Kazuo Ishiguro. Ho likte eg veldig godt. 

Sortland debuterte som forfattar med romanen Johan i 2009. Romanen blei godt teken imot, og han har sidan skrive både ungdomsbøker og kortprosa. Haugesundaren er i tillegg kjend som musikar i Bergen Mandolinband, eit band som spelar amerikansk folkemusikk på nynorsk.

No er Sortland aktuell med novellesamlinga Avsporingar: pre- og postapokalyptiske noveller. Tekstane handlar om menn i krise, og når det verste skjer.

Men no sporar vi av, og tar ein titt i bokhylla hans:

Gaute M. Sortland trur ikkje noka bok har fått han til å grine, men han blir ofte trist når ei god bok tar slutt. Den siste boka til franske Michel Houellebecq gjer han derimot sint: – Ein irrterande trang til provokasjon og lite anna. Omslag: Samlaget, Cappelen Damm, Saga Egmont.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg er veldig glad i den klassikarserien til nynorskforlaget Skald, og akkurat nå les eg ei tyrkisk bok av Ahmet Mithat Efendi som på norsk har fått tittelen Felâtun bey og Râkım efendi.

Kor les du? 

Det kan vere ute i sola, i senga, i sofaen på kontoret eller kor som helst. Lite originalt, men fleksibelt og praktisk.   

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Eg trur begge foreldra mine likte å lese for meg og mine søsken, og me likte å høyre på. Eigentleg hugsar eg ikkje så mykje av det som blei lese, berre at det alltid blei lese noko. Bøkene til Ole Lund Kierkegaard var favorittar. Vesle Virgil, Otto er et nesehorn og Gummi-Tarzan sette fantasien i sving.

Omslag: Gyldendal

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

I ulike periodar gjorde veldig mange bøker eit sterkt inntrykk. Vesaas var eit heftig møte. Hamsun også. Ragnar Hovland opna andre dører.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

Til fyret har kome i ei ny, nynorsk omsetting av Brit Bildøen. Omslag:

Til fyret av Virginia Woolf. Både på grunn av den tekniske briljansen og fordi det er lengst unna noko eg nokon gong ville kunne skrive.

Kva meiner du gjer ei bok god? 

Det kan vere ulikt, men det som er sikkert er i alle fall at eit avansert plot stort sett er med på å øydelegge ei bok.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

At ein kjenner seg igjen i karakterane trur eg er eit kvalitetsteikn ved ei bok. Difor kjenner eg meg igjen i veldig mange.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Siden eg synst det er slitsamt å snakke engelsk begrensar det seg nokså mykje. Om ein også kastar inn i miksen at eg vil reise minst mogleg får ein ta nokon som ikkje bur så langt unna. Så då får det bli Einar Økland eller Agnes Ravatn. Helst begge.

Desse to ville Sortland hatt som middagsgjestar. Foto: Marius Viken, Tove K. Breistein, Samlaget, kollasj Framtida.no

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Eit umogleg val.

Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Den nyaste boka mi Avsporingar. Det vil vere rom for fleire hovudroller, men ein skodespelar som er god på å sjå ut som han ikkje skjønar stort, vil vere naturleg.


Audun Mortensen debuterte som forfatter med diktboka Alle forteller meg hvor bra jeg er i tilfelle jeg blir det på Flamme Forlag i 2009. Foto: Heidi Furre.

Fakta

Namn: Gaute M. Sortland
Alder: 41
Frå: Haugesund
Utdanning: Master i nordisk litteratur
Yrke: Forfattar og lektor