«Klimaval på feil premiss»

Julie Rødje
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyheitsbiletet er prega av verdsomfattande ekstremvêr og langtekkelege klimaforhandlingar. Det er nærmast umogleg å ta innover seg klimakrisa sitt brutale omfang. Men det er viktig at vi gjer det.

Om nokre veker er det Stortingsval og vi blir oppfordra til å stemme for miljøet. Den oppfordringa må bli tatt på alvor. Samstundes må politikarane som blir valde sørge for ein heilskapleg og samstemt politikk. Stemmeretten er vårt viktigaste våpen i klimakampen, og denne gongen har vi ikkje råd til å velje feil.

Skjer her og no

Klimakrisa skjer her og no. I sommar har det brote ut skogbrannar i Tyrkia, Hellas, Canada og USA, samstundes som Tyskland, Belgia, Nederland, Bangladesh og India har drukna i kraftige nedbørsmengder og ekstreme oversvømmingar. Vi kan ikkje la klimakriser og naturkatastrofar bli den nye normalen, og derfor blir årets Stortingsval omtala som eit klimaval.

Det blir stadig snakka meir om klima, men dessverre er klimapolitikken framleis prega av tomme løfte og handlingsplanar som aldri blir iverksette. Dersom vi skal løyse klima- og naturkrisa må vi ta tak i kjernen av problemet, nemleg dagens økonomiske system som dirigerer all politikk på kostnad av sosial rettferd og berekraftig utvikling. Både parti, organisasjonar og mediehus seier at det no er på tide med eit klimaval – men held det?

Vi kan ikkje la klimakriser og naturkatastrofar bli den nye normalen

Strukturelle endringar

Det er riktig at merksemda blir retta mot klima og global oppvarming – det skulle vel eigentleg berre mangle – men det er viktig å sjå heilskapen i situasjonen og rette blikket utover, forbi landets grenser. Det er ikkje nok å bygge sykkelvegar i Oslo. Eller å oppmode befolkinga til å ta berekraftige val i kvardagen og i butikkhylla. Den institusjonaliserte urettferda som pregar vårt globale ressursfordelingssystem må endrast.

Som vi veit er det verdas fattigaste som blir hardast ramma av klimaendringane, og som eit av verdas rikaste land har Noreg eit særleg ansvar for å snu klimakrisa. Ikkje berre er vi ein av verdas største eksportørar av olje og gass, vi er også ekspertar på å bruke altfor mykje av jordas ressursar. 29. juni hadde verda brukt opp ressursane for året – også kalla «overshoot day». I Noreg nådde vi denne grensa allereie 12. april.

Politikarane har ikkje gjort nok. Gong på gong ser vi korleis ansvaret for gjennomføringa av miljøtiltak blir pålagt individet og marknadskreftene. Ansvaret blir skyvd vekk frå store selskap som har skyhøge utslepp og overforbrukar jordas naturressursar, og frå politiske styresmakter som skal sikre at Parisavtalen blir halden og at jorda er leveleg for kommande generasjonar. Denne ansvarsfråskrivinga er svært alvorleg.

Ein samla front

Våre liv, framtidas tryggleik og naturens berekraft kan ikkje leggast i marknaden sine hender. Marknadsbaserte miljøtiltak medfører ofte ei økonomisk belasting der dei «grøne» vala kostar vesentleg meir enn dei «grå». Ikkje berre fører det til at færre vel miljøvenlege alternativ, det bidrar også til auka polarisering i samfunnet og større økonomiske forskjellar. Det har vi ikkje råd til dersom vi skal stå samla i kampen for miljøet. Miljøtiltak må med andre ord ha ein tydelig sosial profil basert på rettferd og inkludering slik at alle kan bidra, og dei må ta globale og generasjonelle omsyn i betraktning.

Enkeltmenneske kan utgjere ein forskjell, men forbrukarmakta er veldig avgrensa. Likevel, vi har ei svært viktig makt – nemleg den politiske. For det er opp til nettopp oss å avgjere kven som skal få Noreg på rett kjøl, og det ansvaret kan ingen ta lett på.

Likevel, vi har ei svært viktig makt – nemleg den politiske.

Bruk stemma di

Ved førre stortingsval var det knappe 64 prosent av unge vaksne i alderen 20-24 år som tok turen ned til stemmelokala. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 var valdeltakinga så låg som 47 prosent i same aldersgruppe, viser tal fra SSB. Eit første steg på vegen mot eit berekraftig og rettferdig samfunn som gagnar alle, er at alle deltar i demokratiet. Spesielt må vi unge som skal leve med konsekvensane av dagens politikk lengst seie klart ifrå om kva som er viktig for oss.

Det handlar om framtida vår. Det handlar om global solidaritet. Det handlar om å ta ansvar. Politikarane har ansvar for å føre ein helskapleg politikk for miljøet og velferda. Og som samfunnsborgar har du eit viktig demokratisk ansvar for å stemme på partiet du meiner har dei beste løysingane for framtida. Er du misfornøgd med dagens manglande miljøpolitikk? Då må du gjere ditt for å skape politisk endring.

Ikkje sit heime på valdagen. Bruk stemma di – og bruk ho godt!


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher på Unsplash