Høgre vil plante tre for klimaet – ikkje eit klimatiltak, meiner biologar
Erna Solberg og Høgre vil plante fleire tre som eit tiltak for klimaet. Biologar er ikkje einige i at det har ein effekt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgre har som mål å auke treplantinga i skogbruket med 10 millionar tre innan utgangen av 2030, skriv NRK Innlandet.
Ulrika Jansson er biolog i den uavhengige stiftinga BioFokus. Ifølgje henne blir berre ein firedel av treverket som blir henta ut frå skogen, treprodukt til langtidsbruk, medan resten av karbonet raskt går tilbake til atmosfæren.
– Å hogge meir for å plante meir, er ikkje eit klimatiltak, seier Jansson.
Jansson får støtte frå biolog Dag Olav Hessen. Han er tydeleg på at treplanting er positivt mange stader, men åtvarar mot å bruke det som avlat for å hogge ned gammal skog.
– Den gamle skogen har dei største biologiske verdiane, seier Jansson.
Skogeigarar er einige med Høgre om at treplanting er eit godt tiltak.
Yngve Holth i skogeigarorganisasjonen NORSKOG meiner at skogbruk er klimavennleg fordi tre kan erstatte ikkje-fornybare materiale som betong og plast. (©NPK)