I dag var fyrste aksjonsdag for aktivistane ved Repparfjord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aksjonistane i protestleiren har no tatt seg inn på det planlagte industriområde. På bileta tilsendt til Framtida har 6 personar lenka seg fast og sperrar vegen inn til den potensielle gruva, medan andre har lenka seg gravemaskiner.
Ifølgje NPK-NTB er ingen av demonstrantane er førebels arresterte.
Nussir ASA har fått løyve fra regjeringa til å etablere kopargruve på Markoppneset i Hammerfest Kommune. I følgje NPK-NTB er det snakk om 40 millionar tonn gruveavfall som Nussir ASA har fått løyve til å dumpe i fjorden i forbindelse med kopargruva. Avfallsmassenen inneheld kopar, krom, nikkel og andre tungmetall.
Natur og Ungdom skriv at er planlagt i eit viktig reindriftsområde som allereie er hardt pressa, og avfallet er planlagt dumpet i Repparfjord – en nasjonal laksefjord som også er viktig gyteområde for den truede kysttorsken. Nussir ASA på sin side meiner dei har fått dei løyva dei treng, og seier ein må stole på dei demokratiske prosessene.
I følgje NPK-NTB var det over 4.000 personar som hadde meldt seg i april til å vere med på aksjonane. Artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen er ein av desse.
– Eg kan ikkje stå å sjå på at hensynet til min kultur, samiske næringar og livet i fjorden blir overkjørt av gruvedrift. Nå er eg klar for å bryte lova og stå i vegen, og gjøre det vanskeleg å kome i gang med denne gruva. Nå er tida for politikerne å ta til vett, seier Isaksen i ein e-post frå Natur og Ungdom.
Les også: Lea (20) og Stian (20) protest-teltar ved Repparfjord: – Må gjere alt vi kan