Ap støttar retur av ungdom til Afghanistan: – Ei skam, rasar AUF

Ap og Sp røystar saman med regjeringspartia mot forslag om returstans.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap støttar retur av ungdom til Afghanistan. AUF: – Ein skam

– Me har hatt ein grundig gjennomgang av situasjonen for dei einslege mindreårige asylsøkarane som har fylt 18 og fått avslag, på returspørsmålet. Det me har avklart er at me ikkje kjem til å røysta for eit forslag som seier at me skal ha stans i all retur til Afghanistan, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre etter eit gruppemøte på Stortinget onsdag. Det skriv Dagbladet.

Dei siste vekene har sterke krefter i partiet stilt krav om at stortingsgruppa i Ap må støtta forslaget frå SV om ein mellombels stans i returar av dei såkalla «oktoberborna».

No gjer Støre det klart at partiet vil røysta mot forslaget. Det får dermed ikkje fleirtal i Stortinget, sidan også Sp, Høgre og Frp er imot.

AUF: – På tide at Ap skiftar kurs

– Det er ei skam at Arbeidarpartiet verken høyrer på grasrota eller AUF, seier Henrik Thorsnes Lefdal, fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Fylkeslaget meiner at forslaget frå SV er i tråd med eit vedtak på Ap-landsmøtet om å føra ein streng, rettferdig og human innvandrings- og asylpolitikk. Også Sogn og Fjordane Ap har vedteke at einslege mindreårige asylsøkjarar bør få sakene sine revurderte og individuelt behandla, i strid med regjeringa sin politikk.

– Denne regjeringa har fått løyve i fire nye år til å gjere Noreg til eit endå kaldare samfunn, men det burde ikkje Arbeidarpartiet ta del i. Det er på tide at Arbeidarpartiet skiftar kurs i denne saka og tar Noreg i ei varmare retning. Det er flaut at Arbeidarpartiet lar regjeringa sette premissane for korleis vi skal behandle ungdom i naud, seier Sandra Edith Tenud, politisk nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.