«Norsk-russisk samarbeid nyttar i kampen mot miljøøydeleggingar»

Embla Sveinsdottir
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ved grensa til Russland ved Pasvik kan ein sjå over til Nikel-fabrikken.

Før fabrikken vart lagt ned den 23. desember 2020, kunne ein skildra området som ein typisk industripark med høge tårn som det steig mørk røyk ut av.

Nikkelverket i Nikel i 2006, før det vart lagt ned. Foto: Magne Kveseth/norden.org, CC BY 2.5 DK

Det var ofte grått rundt heile området og merkeleg nok ikkje noko utprega tre-vekst rundt området, likevel frodig og grønt på den norske sidan av grensa.

Sterke bilaterale band

Skadeførebyggande tiltak og avvikling av slike miljøøydeleggingar nær grensa er noko Det norske Barentssekretariatet har jobba med over tid.

Allereie i 1988 vart det etablert ein norsk-russisk miljøvernkommisjon, med forureininga frå nikkelverket i Petsjenga som utgangspunkt. Kommisjonen har bidrege til sterke bilaterale band mellom Noreg og Russland gjennom fleire prosjekt. Mellom anna for biologisk mangfald, kulturminnevern, og vern av dei nordlegaste havområda.

I 1994 tok det ei vending til «rein produksjon», der representantar frå kommisjonen kursa russiske ingeniørar om korleis miljø- og energieffektivitetsmetodar kunne takast i bruk.

Foto: Markus Mira/YATA Noreg

«Truslar» eller «godt naboskap»?

Noreg sitt samarbeid med russarane er stort, og blir sett på som særs vellykka i nord. Dette er likevel ikkje alltid like lett å uttrykka til Noregs sørlege del.

Konnotasjonar som følgjer med orda «Noreg», «Russland» og «grense» blir i sør ofte dratt til «invasjon» og «truslar». I nord tenker ein gjerne på same tema som eit godt naboskap.

Foto: Markus Mira/YATA Noreg

Realiteten er at Noreg og Russland har tette samarbeid, mellom anna gjennom miljøvernkommisjonen og fiskekvotesamarbeid i Barentshavet.

Miljøsamarbeid er noko alle land tener på, då miljøøydeleggingane ikkje kjenner landegrenser. Arktis er ein av stadene som kjenner miljøøydeleggingane først og hardast. Nettopp derfor er det svært viktig med eit samarbeid i det arktiske nord.

Eliminerer hotspots

Noreg har bidrege med økonomiske hjelpepakkar til Russland for skadeførebyggande tiltak mot miljøøydeleggingar. Det faktumet at 7 av 42 såkalla miljø-hotspots har vorte eliminert på åtte år viser til at desse endringane tar tid, men det nyttar.

At det nyttar burde kommuniserast òg til «søringane» i landet, ikkje berre kor usikker Russland er som nabo.

Det burde kommuniserast at, trass i utfordringar i Noreg og Russland sitt naboskap, hindrar dette ikkje nødvendigvis oss i å stå saman i kampen mot miljøøydeleggingane.

Dette er prioriteringar som burde heiast fram.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!