Erna Solberg dankar ut Kåre Willoch som lengstsitjande statsminister frå Høgre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erna Solberg sette ny rekord

– Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje over det, seier Erna Solberg om den nye rekorden ho er i ferd med å innkassere. Det er allereie to år sidan ho blei den lengstsitjande partileiaren i Høgres historie. Fredag hadde ho vore statsminister nøyaktig like lenge som Kåre Willoch (89) fekk sitje ved kongebordet.

Etter ein liten tenkjepause kjem ho fram til at ho nok skulle ha vore denne rekorden forutan.

– Eigentleg er dette litt leit. Ikkje at eg får sitje lenge, men at Kåre Willoch ikkje fekk sitje endå lenger då det jo var eit borgarleg fleirtal, seier Solberg til NTB.

1.668 dagar

Willoch byrja som statsminister i Noreg 14. oktober 1981. Strid om auke i bensinavgifta førte til at Framstegspartiet sørgde for å felle Willoch i hans andre periode – 9. mai 1986.

Solberg byrja to dagar «seinare» enn Willoch – i den forstand at ho overtok 16. oktober 2013. Men justert for skotårsdagar, vil ho fredag denne veka – på same dato som for Willochs avgang – tangere veteranen i talet på dagar som sitjande statsminister.

På oversikta frå Statsministerens kontor står Willoch med 4 år, 6 månader og 25 dagar som statsminister i Noreg. Rekna om til tal på dagar og justert for skotår – blir det 1.668 dagar for både Willoch og Solberg no på fredag.

Forenkling og omstilling

Solberg meiner at Willochs regjeringstid først og fremst vert hugsa for deregulering. Sjølv meiner ho at Solberg-regjeringas fremste oppgåve er omstilling – og at det er den største forskjellen mellom dei to.

I veka som kjem legg regjeringa fram forslaget til revidert nasjonalbudsjett med «piler som peikar i riktig retning» som bakteppe.

– Det går godt i norsk økonomi. Arbeidsløysa går ned og alle desse trendane som har vore negative i arbeidsmarknaden viser no oppsving. Utfordringa no er å klare å få fleire folk inn i jobb av dei som no står utanfor arbeidslivet, seier ho.

Feil timing

– Av dei – trass alt – mindre sakene Solberg-regjeringa ein gong vil bli hugsa for – står plastposeavgifta kanskje høgt på lista?

– Hadde vi innført plastposeavgift i dag, ville vi fått applaus for å gjere eit miljøtiltak. Dette er eit historisk eksempel på at timinga var feil. Vi var to år for tidleg ute, seier Solberg.

Fakta om lengstsitjande norske statsministrar

* 1. Einar Gerhardsen, 25. juni 1945–19. november 1951, 22. januar 1955–28. august 1963 og 22. september 1963 -12. oktober 1965: 17 år og 21 dagar.

* 2. Johan Nygaardsvold. 20. mars 1935–25. juni 1945: 10 år, 3 månader og 5 dagar

* 3. Gro Harlem Brundtland, 4. februar 1981–14. oktober 1981, 9. mai 1986–16. oktober 1989 og 3. november 1990–25. oktober 1996: 10 år, 1 månad og 9 dagar

* 4. Jens Stoltenberg, 17. mars 2000–19. oktober 2001, 17. oktober 2005–16. oktober 2013: 9 år, 7 månader og 2 dagar

* 5. Gunnar Knudsen, 19. mars 1908–2. februar 1910 og 31. januar 1913–21. juni 1920: 9 år, 3 månader og 5 dagar

* 6. Frederik Stang 21. juli 1873–11. oktober 1880, 7 år, 2 månader og 20 dagar

* 7. Johan Ludwig Mowinckel, 25. juli 1924–5. mars 1926, 15. februar 1928–12. mai 1931 og 3. mars 1933–20. mars 1935: 6 år, 10 månader og 22 dagar

* 8. Kjell Magne Bondevik, 17. oktober 1997–17. mars 2000 og 19. oktober 2001–17. oktober 2005: 6 år, 4 månader og 28 dagar

* 9. Johannes Steen, 6. mars 1891–2. mai 1893 og 17. februar 1898–21. april 1902: 6 år og 4 månader.

* 10. Per Borten, 12. oktober 1965–17. mars 1971, 5 år, 5 månader og 5 dagar

* 11. Odvar Nordli, 15. januar 1976–4. februar 1981: 5 år og 20 dagar

* 12. Johan Sverdrup, 26. juni 1884–13. juli 1889: 5 år og 17 dagar

* 13. Kåre Willoch, 14. oktober 1981–9. mai 1986, 4 år, 6 månader og 25 dagar

* 14. Erna Solberg 16.10.2013–i embetet

* 15. Emil Stang, 13. juli 7.1889–6. mars 1891 og 2. mai 1893–14. oktober 1895, 4 år, 1 månad og 3 dagar

(Kjelde: Regjeringen.no)

(©NPK)

Fakta om statsministrar frå Høgre

* Erna Solberg, 1.668 dagar per 11. mai 2018 (2013- )

* Kåre Willoch, 1.668 dagar (1981–1986)

* Emil Stang, 1.496 dagar (1889-1991 og 1893-1895)

* Francis Hagerup, 1.363 dagar (1895–1898 og 1903–1905)

* Ivar Lykke, 694 dagar (1926–1928)

* Otto B. Halvorsen, 451 dagar (1920-1921 og 1923)

* Jan P. Syse, 383 dagar (1989–1990)

* Jens Bratlie, 346 dagar (1912–1913)

* John Lyng, 28 dagar (1963)

(Kjelde: Wikipedia)