Stortinget tek grep etter trakasseringsavsløringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tiltaka kjem i etterkant av at éin av seks stortingsrepresentantar svarte at dei hadde opplevd mobbing eller trakassering det siste året i ei undersøking i 2019, skriv NRK.

– Det skal ikkje vere nokon tvil om at Stortinget har nulltoleranse for mobbing og trakassering, seier Trøen.

Tiltaka inneber mellom anna at nulltoleranse for mobbing og trakassering skal inn i den etiske rettleiinga til representantane. Det skal gjerast nye undersøkingar om temaet annakvart år, og Stortinget skal greie ut om dei skal opprette ein ekstern varslingskanal.

Trakassering mot kvinner

To tredelar av stortingsrepresentantane som i undersøkinga oppgav at dei hadde vorte utsette for mobbing eller trakassering, var kvinner. Det uroar Trøen.

– Den trakasseringa som kvinnelege folkevalde fortel om, er eit problem for oss, men det er òg eit stort globalt problem. Det kan innebere at kvinner mistar motet og lysta til å ta på seg politiske tillitsverv, men også leiarroller. For oss er det ein trussel mot demokratiet og eit tilbakesteg i likestillingskampen, og derfor er dette noko vi må stå saman om.


Marielle Rodrigues (13) frå Øygarden skreiv ei skuleoppgåve der ho tek eit oppgjer med nedsetjande kommentarar jenter vert møtt med. Foto: Privat