16-åring har pussa opp kortstokken – no er ikkje kvite kongar øvst i hierarkiet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor er dronninga verd mindre enn kongen? 

Amerikanske Maayan Segal (16) stilte spørsmålet til far sin medan dei spelte kort på ferie. Han hadde ikkje noko godt svar å gje, og saman bestemte dei seg for å gjere noko med korthierarkiet.

Maayan kjøpte fem kortstokkar på butikken og byrja å eksperimentere. Korleis kunne ho skape ein kortstokk der kvinner og menn var likeverdige?

Resultatet vart Queeng-stokken.

Saka har vore omtalt av fleire internasjonale medium, mellom andre USA Today.

Ut med kongen, inn med monarkane

Queeng-korta fungerer heilt som ein vanleg kortstokk, men har nokre justeringar.

– Lat oss vere ærlege, spelkort vart laga for hundrevis av år sidan og dei gjev ikkje meining lenger i dag, seier Maayan i ein reklamevideo og utfordrar alle til å fortelje dronning Elizabeth at ho er mindre verd enn sine mannlege forgjengarar på trona.

I ein tradisjonell kortstokk er Kongen øvst i hierarktiet medan Dronninga er på andreplass. I Maayan sin kortstokk er det monarkar på topp – både kvinner og menn.

Dronningkortet er på si side bytt ut med hertugar og hertuginner, og knekten er gjort om til prinsar og prinsesser. Heller ikkje Jokeren er gløymd, og ein kvinneleg Joker er inkludert i Queeng-stokken.

Ein meir mangfaldig kortstokk

Den første Queeng-utgåva selde over 50.000 stokkar til kortspelarar verda over. No er Maayan tilbake med ei ny utgåve – for ho fekk tilbakemeldingar om at ho hadde oversett noko.

– Korta mine var ikkje eigentleg likeverdige. Det var ingen mangfaldig representasjon, seier Maayan i ein reklamevideo for den nye kortstokken.

I den nye utgåva syner biletkorta personar med ulik hudfarge for å betre representere den verkelege verda.

– Eg veit at dette berre er eit spel, men dette er noko barn bokstaveleg talt held i hendene, seier 16-åringen og peikar på at folk er ulike, difor må også korta spegle det.


Gullstrupen Ella Fitzgerald, tennislegenda Billie Jean King og sjukepleiar Florence Nightingale vert Foto: Mattel