SV og MDG kritiserer lovforslag om konverteringsterapi

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturdepartementet offentleggjorde fredag eit forslag til lovforbod mot konverteringsterapi. Lovforslaget inneheld mellom anna eit forbod mot all form for konverteringsterapi retta mot barn under 16 år.

– Ei aldersgrense for psykisk mishandling

Likestillingspolitisk talsperson Freddy André Øvstegård i SV er ikkje imponert. Han meiner lovforslaget ikkje er eit forbod, men ei aldersgrense for psykisk mishandling.

– Med dette gir regjeringa eigentleg klarsignal for psykisk vald mot unge skeive for å tekkjast konservative krefter, skriv han i e-post til NTB.

Freddy André Øvstegård er likestillingspolitisk talsperson og stortingsrepresentant for SV. Foto: Privat

Utsegnene blir ikkje tekne godt imot hos kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V), som sende ut lovforslaget.

– SVs utspel fell totalt på sin eiga urimelegheit. Vi foreslår eit totalforbod for konverteringsterapi for barn. Likevel set menneskerettane grenser for kor langt staten kan gå inn og regulere vaksne, samtykkjande menneskes val – sjølv om ein meiner at valet er ugreitt, skadeleg og forkasteleg, seier han til NRK.

Arild Hermstad frå MDG meiner lovforslaget er eit svik mot LHBT-rørsla. Foto: Thomas Ekström, via Miljøpartiet De Grønne/Flickr/CC BY-SA 2.0

MDG er heller ikkje imponert over lovforslaget, som har høyringsfrist 15. oktober.

– Regjeringa opnar for at homoterapi framleis skal kunne vere lov for alle over 16 år. Det er eit svik mot heile LHBT-rørsla. I tillegg forbyr ikkje regjeringa marknadsføring av konverteringsterapi, det er elendig, seier fungerande partileiar Arild Hermstad i MDG til NTB.

– Få vil bli ramma

Informasjonsleiar Espen Ottosen i Norsk Luthersk Misjonssamband seier til Vårt Land at han synest det er gledeleg at regjeringa ikkje foreslår eit generelt forbod mot konverteringsterapi for vaksne menneske.

– Det synest eg nok at er det viktigaste ved høyringa, seier han.

Konverteringsterapi for vaksne over 18 år vil ifølgje lovforslaget berre vere lov når mottakaren har gitt eit informert samtykke.

På spørsmål om kor hardt forbodet til regjeringa vil ramme dersom det blir ein realitet, trur Ottosen at få vil bli ramma.

– Eg håpar verkeleg ikkje at nokre kristne aktørar vil bli ramma. Slik sett er nok dette primært symbolpolitikk, seier han til avisa.


Les også meiningsinnlegget om svartmåling av skeive: «Om dei berre visste kva dei gjorde mot unge som ho»

Karoline Skarstein (28) skriv om venninna som lova seg sjølv å aldri leve ut legninga si. Foto: Renate Wiik