DNT ung-leiaren ville invitert tungtvass-sabotør på Pasta Di Parma

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ynskte ein stad der eg kunne jobbe med miljøsaker og samfunnsinkludering, samstundes som eg kunne få meg nye turinteresserte vennar. Då var jo DNT ung midt i blinken!

Anna Nes (24) studerer til vanleg jus i Bergen, og i slutten av mai vart ho òg vald til ny leiar i DNT ung.

24-åringen frå Bærum fortel at ho ynskjer å vere ein inkluderande leiar som skapar plass for andre engasjerte ungdommar i friluftsorganisasjonen:

– Slik eg ser det aukar kvaliteten på arbeidet i DNT ung og i landsstyret viss alle har mogelegheita til å bidra med si meining, fortel ho på e-post til Framtida.no.

Allemannsretten

Anna Nes sine personlege hjarte saker er miljø- og klimautfordringane, samt å drive inkluderingsarbeid. Friluftslivet skal vere lågterskel og tilgjengeleg for alle og einkvar, meiner ho.

Dette er òg nokre av hovudfokusa for friluftsorganisasjonen det komande året:

Det aller viktigaste for DNT ung er alltid at ungdom skal kome seg ut og ta i bruk naturen, anten via organisert aktivitet eller på eiga hand, fortel Nes.

Bilete frå toppvarden på Litleskorkja i Tresfjord, Vestnes kommune. Foto: Edvard Dyb via DNT.

Samstundes vil organisasjonen arbeide mot privatisering langs kystlinja, auke merksemda kring kystfriluftslivet og sikre allemannsretten.

Etter fjorårets sommar, då talet på nordmenn som ferierte i eige land steig i taket, reagerte nokre kommunar med å innføre forbod mot «villcamping», noko friluftsorganisasjonane er kritiske til.

DNT ung meiner allemannsretten, som seier at alle har rett til å ferdast og opphalde seg i utmark i Noreg, har ein grunnleggjande plass i samfunnet.

Miljøvettreglane i lovverket

Allemannsretten tilseier òg at ein skal ta omsyn til nauren når ein oppheld seg ute, noko DNT ung også brenn for. Miljøvett er sentralt for friluftsorganisasjonen.

Om Anna Nes hadde vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta nemleg vore:

«DNT ung sine miljøvettreglar er no vorte lov og ein målestokk for alt stort og smått som vert gjort i verda!»

Miljøvettreglane er sju råd for korleis ein kan nyte naturen, men på same tid ha eit sporlaust friluftsliv. Råda er:

  1. Reis mindre, opplev meir
  2. Sats på opplevingar, ikkje utstyr
  3. Fiks alt, alltid
  4. Et grønt
  5. Samkøyring er bra
  6. Ver rusta mot uventa søppel
  7. Vis veg, ver eit klimaføredøme

«Fornuftig» prokrastinering og Sommerboken

– Kva gjer du på fritida/hobbyar?

Omslag: Heinesen forlag

– Som ein trufast DNT ung-ar så er eg veldig glad i å gå på tur, men eg er òg glad i å trene, strikke og lese bøker!

Om Anna Nes skal tilrå ei bok alle bør lese, så går ho får Sommerboken av Tove Jansson.

– Alle kan kjenne seg igjen i dei ulike karakterane i boka, og skildringane av omgjevnadane er så fine. Kvart kapittel kan òg verte lese som ei eiga historie, ei bok som aldri kan verte lesen heilt ferdig!

Hennar største tidstjuv i kvardagen er utan tvil mobilen:

– Der er det alt for mykje lett tilgjengeleg distraksjon!

– Korleis held du deg oppdatert?

– Kvar morgon når eg helst vil slumre, så set eg på NRK Nyhetsmorgen på radioen, og så les eg som regel nettaviser som «fornuftig» prokrastinering for studia.

Ville servert tungtvass-sabotør og DNT-entusiast på middag

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Den første lange DNT ung-turen eg var med på gjekk i fotspora til soldatane i Tungtvassaksjonen. Då vart eg introdusert for Claus Helberg og hans arbeid for Noreg under krigen og hans livslange innsats for DNT. Nokre av dei historiene vi vart fortalde var så spennande og inspirerande at eg gjerne vil høyre fleire!

Claus Helberg var ein norsk fjellførar, som var sentral i oppbygginga av Den Norske Turistforening (DNT), der han var tilsett frå 1938. Under andre verdskrig var Helberg sersjant i Kompani Linge, og han deltok mellom anna i tungtvassaksjonen på Vemork kraftverk i 1942-1943. Foto: Erik Thorberg / NTB

– Her kunne eg laga ein fancy gryterett, men eg går for min trufaste favoritt frå sjølvbeteningslageret på DNT hyttene – Pasta Di Parma!

Anna Nes sitt idealsamfunn er eit samfunn med full inkludering og eit lågterskel friluftsliv, der alle har teke miljø- og klimautfordringane på alvor, slik at problema òg har forsvunne.

– Til slutt så er vinterens første snøfall (kanskje også alle dagar med gode pudderforhold) ein nasjonal heilagdag så alle kan kome seg ut for å stå på ski og ake!

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA?
Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Hellbillies.

Anna Nes

Frå: Sandvika i Bærum.

Alder: 24 år.

Yrke/utdanning: Juss.

Favorittfag på skulen: Gym.

Ulike verv: Festivalkomiteen i DNT ung.

Medlem i: DNT, Naturvernforbundet.