Kulturskulane har mista fleire tusen elevar i koronaåret

Nye tal frå SSB viser at kulturskulane har mista nesten 5000 elevar sidan førre skuleår. Kulturskulane ser fram til at koronatida er over.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kulturskulane har mista fleire tusen elevar

– Me trur at dette kjem til å snu og me har store ambisjonar om det som skal bli, seier Egil Hofsli, som er kommunikasjonssjef i Norsk kulturskuleråd til Framtidajunior.no.

– Når me ser på korleis året har vore, er me ikkje overraska. Det som har skjedd no, er veldig naturleg i ein pandemi, seier Hofsli.

Han trur færre barn har meldt seg på ein kulturskule grunna usikkerheit.

Det har også ført til at det er færre barn som står på liste. I 2020 var det 2,8 prosent av alle barn i Noreg mellom 6-15 år som stod på venteliste for å få plass i kulturskulen, ifølgje nye reviderte tal frå SSB.

Positiv til framtida trass nedgang

– Mykje av undervisinga har vore digital. Dei fleste born ønskjer å møta andre for å vera saman fysisk. Og så har nokre slutta. Viss kulturskulen ikkje fungerer for deg, har det nok vore enkelt å gi seg det siste året.

I musikkundervisning har talet elevplassar minka mest.

Hoftsli fortel at Stortinget skal behandla stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur i juni. Der er kulturskulen eit sentralt tema.

– Det er me glad for. Me håpar at det vil gjera oss attraktive og føra til at me blir ein betre plass for enda fleire i framtida.

– Eg vil tru at når samfunnet normaliserer seg, vil kulturskulen også bli meir attraktivt for fleire, avsluttar Egil Hofsli i Norsk kulturskuleråd.


Ragne Wiklund fortel at ho synest at det er viktig å ta med seg kreativiteten og leikenheiten frå barndommen inn i idretten. – Det føler eg at eg har fått til, seier ho. Foto: Privat