Vetle (15) skal spela eit spesielt instrument: – Få som får læra det

Vetle Furuli (15) skal læra å spela kyrkjeorgel i kulturskulen i Fauske til hausten.

Janne Nerheim
Publisert

– Eg har gått på kulturskulen i 8 år for å læra meg å spela piano. Dette nye tilbodet dukka opp på kulturskulen sine nettsider, så då søkte eg på det, fortel Vetle.

Han er fascinert av instrumentet han no skal læra meir om.

– Det er eit sjeldan instrument, og få som får læra det. Det er jo ikkje så ulikt det eg kan frå før, men det er ein heilt anna lyd og storleik. Det er eit instrument som krev at ein speler stort på det, fortel han.

– Eg berre spelar

Han har ikkje eit forhold til kyrkja frå før, men synest det er spennande å skulle få laga musikk på eit så stort instrument i eit kyrkjerom.

– Kyrkjerommet som konsertrom er kjempefint. Om ein trur eller ikkje burde ikkje avgjera kor ein får spela og formidla musikk.

Vetle koplar av når han set seg ned for å spela.

– Når eg spelar treng eg ikkje fokusera på andre ting. Eg berre spelar.

Eksotisk tilbod

Ketil Hugaas er leiar for kulturskulen i Fauske.

– Vår gode kantor Ralph Creedey kom med ideen om å undervisa i orgelspel, og det synest eg var veldig spennande. Alle frå 11 år og oppover kan søkja, og så langt har eit par elevar meldt si interesse, fortel han.

Hugaas synest kyrkja er eit flott konsertrom.

– Me er klar over at det er for spesielt interesserte, men det er veldig flott at me har ein så flink, dedikert lærar hos oss. Det er jo eit eksotisk tilbod, men eg synest det er flott at me som kulturskule kan samarbeida med kyrkja som er eit så fint konsertrom, seier Hugaas.