Dronar kan bli nytt skulefag

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange bedrifter manglar folk med dronekompetanse.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring. No er utdanningsetaten i Rogaland fylkeskommune i gang med å utvikle eit heilt nytt dronefag, ifølgje Stavanger Aftenblad.

Faget er lagt til utdanningsprogram for elektro og datateknologi. Det betyr at elevane går på vg1 elektro og datateknologi, deretter eit eige vg2 drone og vidare til Vg3 dronefag. Opplæringsmodellen skal ha to år i skule og to år i bedrift.

Kan starte i 2022

Namnet på lærefaget er førebels ikkje bestemt. For å kunne tilby opplæring i dronefag krevst det kompetanse, og skular og lærebedrifter må godkjennast av Luftfartstilsynet. Arbeidet med læreplanane er i gang og planane skal på høyring til hausten.

Skular skal kunne starte opplæring i faget frå hausten 2022 og då vil dei første droneoperatørane vere ferdig utdanna i 2026.

Før fylkeskommunen eventuelt etablerer eiga utdanning i Rogaland må ein finne ut kva behov og ønskjer bransjen har, om det finst moglege læreplassar og kva for ressursar det krevst å få etablert eit dronefag. Denne utgreiinga skal behandlast av fylkespolitikarane seinare.


Les også: Livreddane dronar skal levere hiv-medisinar til avsidesliggande øyar i Uganda

Foto: Makerere University Infectious Disease Institute/Twitter