Alle ungdomspartia møtte opp for Mustafa: – Ingen skal måtte vekse opp på vent

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag startar rettsaka mellom Mustafa Hasan og Utlendingsnemnda (UNE) der framtida til 18-åringen blir avgjort. I løpet av veka skal det avgjerast om avslaget på søknaden hans om opphaldsløyve er ugyldig, og om han skal få søknaden vurdert på nytt.

– Me er ikkje åleine lenger

Søndag var det ei markering til støtte for Mustafa Hasan og familien framfor Stortinget. Hasan var sjølv til stades, og takka alle som hadde stilt opp for å støtte han dagen før rettsaka startar.

– Me er ikkje åleine lenger, sa han til dei mange oppmøtte.

Frå scena fortalde han at sjølv om han er blitt eit ansikt utad for ei problemstilling som gjeld mange fleire enn han sjølv, er han også noko anna.

– Eg er ein 18 år gamal gut som nettopp vart ferdig på Nesbru vidaregåande. Eg er ein gut som har vennar. Eg er ein gut som har eit liv i Noreg. 13 år seinare står eg her og prøvar å redde meg sjølv frå noko eg ikkje har gjort.

Privatpersonar, organisasjonar og ungdomsparti møtte opp for å vise støtte til Mustafa Hasan og andre i same situasjon. Foto: Fredrik Krogstad Gulseth

Utreisefrist om to veker

Mustafa Hasan og familien kom til Noreg i 2008, og fekk då mellombels opphaldsløyve. Dette vart trekt tilbake i 2012 då det kom fram at mora var jordansk statsborgar, ikkje palestinsk slik ho først hadde sagt.

I 2016 vedtok ei enstemmig nemnd at dei innvandringsregulerande omsyna vog tyngre enn dei menneskelege omsyna, og mora og fleire av søskena måtte derfor forlate Noreg. Mustafa og den eitt år eldre broren Abdel fekk midlertidig opphald fordi dei var under 18 år.

No har Mustafa fylt 18 år, og har fått frist til å forlate Noreg 1. juli. Staten meiner det er trygt for han å reise til familien i Jordan, og at han derfor ikkje har rett på opphald. Advokaten hans meiner derimot at Mustafa har rett til opphald uavhengig av kva mora har gjort, og at det er fleire faktafeil i saksbehandlinga. At den eitt år eldre storebroren har fått varig opphald kjem også til å bli eit sentralt argument i rettsaka.

Alle ungdomspartia møtte opp i støttemarkering

Alle ungdomspartia møtte opp og heldt appell på gårsdagens støttemarkering. Simen Velle (20) representerte Framstegspartiet Ungdom (FpU), men var der også som venn av Hasan.

– Det var ei fin markering, men det føltes også litt som ei gravferd, seier Velle på telefon til Framtida.no.

Velle som har vakse opp i same gate som Hasan, har sjølv sett korleis han heile livet har måtta leve på vent utan moglegheit til å planlegge fram i tid slik jamaldra kompisar har gjort.

– Tida er den store syndaren her. Ingen skal måtte vekse opp på vent, seier Velle.

Han meiner det er heilt uhøyrt at det det tok fire år før feilen vart oppdaga, og så ni nye år før eit endeleg vedtak snart er på plass.

– Eg er for ein streng innvandringspolitikk, men han skal også vere rettferdig. Hadde det teke eitt år, hadde han ikkje rokke å få ei tilknytning. Men her har ein late ein gut gro fast i 13 år, for så å kaste han ut. Om ein skal ha ei så streng lov, må ein også følgje ho opp.

Han og ungdomspartiet held fast på ei streng linje i innvandringspolitikken, men meiner straffa må stå i stil til feilen som har blitt gjort.

– Det å stele nokon sin barndom slik er ei unødvendig streng straff, seier han.

Velle står fast på at det er dommarar og ikkje politikarar som skal avgjere enkeltsaker, og han stolar på at rettsvesenet no tek rett avgjersle i saka.

– Men uansett utfall er denne saka ein tragedie og eit utruleg pinleg døme for norsk byråkrati.

Simen Velle i FpU trur på ein streng og rettferdig innvandringspolitikk, men meiner det er uhøyrd og urettferdig at kompisen Mustafa har måtte leve 13 år i uvisse. – Ingen skal måtte vekse opp på vent. Foto: Fredrik Krogstad Gulseth

Press: – Mustafa si sak er ingen unntak

Lea Mariero i Press meiner norsk asylpolitikk bryt med FN sin barnekonvensjon. Foto: Press

Leiar i Press, Lea Mariero, rosar samtlege ungdomsparti, og særleg FpU, for å støtte opp om markeringa.

–  Det viser kor viktig saka er, og at me kan vere einige om ting sjølv om me er ueinig om mykje anna. At alle ungdomspartia møtte opp trur eg gjorde markeringa så spesiell som ho vart.

Ungdomsorganisasjonen har lenge arbeidd for at Mustafa og andre i same situasjon skal få bli i Noreg, og fleire av medlemmane var til stades på markeringa.

– Mustafa si sak er ingen unntak eller feil, det er vedteke politikk, seier Mariero.

Pargraf 8-8 i Utlendingsføreskrifta seier nemleg at einslege mindreårige kan få tidsbegrensa opphald fram til dei er 18 år dersom landet dei kjem frå blir rekna som trygt, men ein ikkje har omsorgspersonar som kan ta imot ein. For dei det gjeld betyr det i praksis å bli sendt ut av landet når ein fyller 18, slik Hasan no blir om rettsaka ikkje går hans veg.

Press ønsker å skrote heile paragrafen. Dei meiner han bryt med FN sin barnekonvensjon, fordi ei avgjersle om midlertidig opphald vil ha negativ påverking på livet til dei det gjeld også mens dei framleis er barn.

– Det kan føre til store psykiske vanskar og uvisse hos barn og ungdom å gå rundt og vite at du skal bli kasta ut den dagen du fyller 18 år. Andre ungdommar gler seg til å ta lappen eller å bli russ om eit år, mens desse ungdommane blir fortalt at dei skal bli sende tilbake til ein plass dei kanskje ikkje hugsar eingong.

Vil setje barn sitt beste framfor innvandringsregulerande omsyn

Både Velle i FpU og Mariero i Press påpeikar at det har vore stortingsfleirtal for lova som gjer at Mustafa blir utvist.

– Ein kan ikkje skulde på verken høgre- eller venstresida. Norsk innvandringspolitikk har over tid berre blitt stramma meir og meir inn, uavhengig av regjering, seier Mariero.

No håpar ho Mustafa si sak har fått politikarane til å vakne, og at ein framover kan vere politisk einige om å ha barna sitt beste som felles utgangspunkt når ein utformar norsk asylpolitikk.

– Me må setje barn sitt beste fremst i alle saker, ikkje innvandringsregulerande omsyn eller ønsket om å ta inn færrast mogleg.


Les også: Fleire hundre ungdommar har forsvunne frå norske asylmottak

Ragnhild Lindahl Torstensen, prosjektleiar, og Jeanette Kalmar Frøvik, styreleiar i Freethem Noreg viser fram bilde frå hashtagen #myRights.

Når ungdommar forsvinn frå norske asylmottak, blir dei ikkje leita etter og teke vare på som norske ungdommar blir. Ragnhild Lindahl Torstensen, prosjektleiar, og Jeanette Kalmar Frøvik, styreleiar i Freethem Noreg har jobba med kampanjen #myRights.