Fleire barn byter ut norsk med engelsk

Norske barn heilt ned i barnehagealder har begynt å prate engelsk. Lærarar over heile landet ser at ungdommar brukar så mykje engelsk i kvardagen at det går ut over norsken.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK.

– Eg trur hovudgrunnen er barne-tv og YouTube, seier pedagogisk leiar Emilie Korsnes Molvær i Gnist barnehage i Ålesund til NRK.

Ei anna medverkande årsak er at nokre av barna i barnehagen har engelsk som hovudmål, meiner ho.

Kristine Bentzen er professor i nordisk språkvitskap hjå UiT. Foto: UiT

Blir bombardert med engelsk

Molvær blir ofte overraska over kor mykje engelsk både små og store barn kan.

Språkprofessor Kristine Bentzen ved Universitetet i Tromsø er ikkje overraska over at barnehagebarn snakkar engelsk.

– Barn bli bombardert med engelsk språk rundt seg heile tida. Både frå TV, nett og alle digitale plattformer. Barn snappar til seg språk veldig lett, seier Bentzen til rikskringkastaren.

 


Kva er det norske avløysarordet for desse engelske glosene?

Resultat:  

Vurdering:  


Ole Kristian Grønneng er i sitt fjerde år som leiar av Høgnorskrigen. Foto: Privat