Roboten Eva lærer seg å smile ved å herme etter folk

Roboten Eva kan spegle kjenslene dine.

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roboten Eva kan spegle kjenslene dine

Hadde du blitt redd om du plutseleg hadde møtt ein smilande robot på legevakta? Eller dersom eit mjukt, blått andlet titta fram bak skuleporten og endra seg etter kvart som du ga uttrykk for ei ny kjensle?

Det kan bli ei verkelegheit i framtida.

Roboten Eva, som er utvikla av forskarar ved Columbia Universitet i New York, har lært seg til å uttrykke kjensler som glede, sinne, avsky, tristheit, overrasking og redsle.

Eva, som består av eit 3D-printa, syntetisk hovud med eit mjukt, blått andlet, er designa til å utforske samhandlinga mellom menneske og robot.

– Vi fekk ideen for nokre år sidan, då eg og studentane mine oppdaga at robotane på laboratoriet vårt stira tilbake på oss med sine glanande plastauge, seier Hod Lipson i ei pressemelding frå Columbia University.

Han er professor og leiar for Creative Machines Lab ved det amerikanske universitetet.

LÆRINGSPROSESS: Roboten Eva prøver seg på ulike andletsuttrykk medan ho ser seg sjølv i kameraet som er kopla til ho. (Foto: Creative Machines Lab/Columbia Engineering)

Gjer det ikkje lett for roboten

Det hadde vore lettare for forskarane å bruke ei datamaskin til å programmere ein robot til å smile. Men då hadde Eva lært berre ei kjensle og ikkje vore sjølvgåande til å kunne tilpasse seg ulike andletsuttrykk.

Så i staden valde forskarane å lage roboten på ein slik måte at Eva kunne lære andletsuttrykk av seg sjølv: ved å kople Eva til eit kamera som filma andletsuttrykka hennar. Eva fekk sjå seg sjølv på video medan ho rørte vilkårleg på det blå andletet.

– For at åtferda til roboten skal kunne tilpasse seg forskjellige situasjonar som oppstår når dei samhandlar med menneske i sanntid, må robotar kunne trene seg på eigenhand utan hjelp frå menneske, skriv universitetet på nettstaden sin.

– Dei må dessutan trene seg til å ta raske avgjerder og overføre den tileigna kunnskapen til ulike og nye samanhengar.

Roboten Eva gjer vilkårlege rørsler med andletet sitt. Eva har 14 andletshudmusklar, 6 nakkemusklar, 5 augeeple og augelokkmusklar. (Foto: Creative Machines Lab/Columbia Engineering)

Robotar må sjå litt ut som menneske

Ideen bak Eva er å bidra til å utforske moglegheita for emosjonell intelligens i maskiner. For sjølv om Eva framleis berre er eit laboratorieeksperiment, kan den nye robot-teknologien gi helsepersonell på sjukehus, pleieheim og skular ei hjelpande hand.

– Det er avgrensa kor mykje vi menneske kan bli kjenslemessig engasjerte i skybaserte programvarer eller smarte høgtalarar utan menneskeliknande kroppar, seier prosjektleiar Hod Lipson i pressemeldinga og held fram:

– Det verkar som om hjernane våre responderar godt til robotar som har ei viss gjenkjenneleg fysisk framtoning.

Forskar Boyuan Chen legg til:

– Robotar tar plass i liva våre på stadig fleire måtar, så det er viktig å bygge tillit mellom menneske og maskiner, seier han.


Les også: 

Brugde ved Bjørnøya.
Foto: Nils Øien / Havforskingsinstituttet