Sidan brugda er eit relativt sjeldan syn, ønskjer forskarane seg meir kunnskap om kvar ho vandrar. Det er derfor viktig at folk melder frå dersom dei ser brugde.
– Då kan vi kartleggje kvar ho vandrar, og kvar ho held til i ulike periodar. Det igjen aukar sjansen for at vi kanskje kan finne brugde vi kan merke, slik at vi kan følgje dei og lære meir om brugda, seier hai-forskar Claudia Junge på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
I fjor kom det inn 22 meldingar frå folk som hadde sett brugde, året før kom det inn 43. Flest observasjonar har det vore i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og i Lofoten.
Ufarleg for menneske
Brugda er den største haien i norske farvatn, og kan bli opptil elleve meter lang. Brugda er heilt ufarleg for menneske.
– Brugda er den nest største fisken i verda, men vi veit dessverre altfor lite om denne haiarten, seier Junge.
Brugda blir oftast observert i overflata med eit ope gap på opp mot ein meter. Då filtrerer ho sjøvatn for dyreplankton, som er det brugda har på menyen.
