Koronasertifikatet er på veg til norske brukarar. Frå fredag kan det truleg nyttast.
NPK-NTB-Bibiana Piene
NPK-NTB-Bibiana Piene

Dei første passa vart rulla ut tysdag morgon, får NTB opplyst hos Helsedirektoratet.

– Den nye versjonen ligg ute allereie no, slik at vi får testa at alt fungerer som det skal, skriv direktoratet på nettsidene sine.

Grønt og raudt

Koronasertifikatet ligg på Helsenoreg.no , og kan visast ved kontroll, lastast ned på mobil eller skrivast ut frå desse sidene. Alle som loggar seg inn på Helsenorge, kan allereie no sjå den oppdaterte versjonen med grønt og raudt lys og QR-kodar for kontroll.

Fullvaksinerte og beskytta, det vil seie folk som har hatt korona eller fått første vaksinedose for tre veker eller meir sidan, får grønt, medan uvaksinerte får raudt.

Raudt eller grønt? Koronasertifikatet viser om ein er beskytta mot covid-19. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Frå fredag skal passet kunne brukast i Noreg, til dømes på arrangement og ved innreise.

Bruksområde

Men det er avhengig av kva slags bruksområde som blir vedtekne av regjeringa, presiserer Helsedirektoratet overfor NTB.

Onsdag er det varsla ein ny pressekonferanse, der helseminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg deltek.

Også Folkehelseinstituttet (FHI) understrekar på nettsidene sine at grunnen til at det oppdaterte koronasertifikatet allereie no er sett i produksjon, er behovet for å kontrollere at alt fungerer som det skal.

Bør kontrollere

FHI ber òg folk kontrollere at informasjonen er riktig.

– Viss de oppdagar feil i opplysningane om vaksinasjon eller testresultat, ta kontakt med kommunen der vaksine eller test er teken for å få retta dette, oppmodar FHI.

Ei felles europeisk løysing for koronasertifikat vil truleg vere klar i byrjinga av juli.


Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI/Privat

LES OGSÅ

ANNONSE