Raymond Johansen vil forby russen å rulle i Oslo
Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) vil forby rulling med russebussar i hovudstaden, fortel NRK.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Alt tyder på at det er svært vanskeleg å kombinere rulling og russefeiring med godt smittevern. Vi kjem til å ta initiativ til å forby rulling, sa byrådsleiar Raymond Johansen i forretningsutvalet i Oslo kommune måndag ettermiddag, ifølgje NRK.
Eit stort utbrot av covid-19 blant russ i Oslo vest er ein viktig del av forklaringa på at smitten i Oslo har auka litt den siste tida.
Ifølgje dei gjeldande råda frå helsestyresmaktene bør russebussar som rullar i område med høgt smittetrykk, ha maksimalt ti personar i bussen. På stader med lågt smittetrykk blir det tilrådd maksimalt 20 personar.
- Les også om Helene (20) og venninnene er grønruss: – Kult å kunne sprade rundt og vere stolt bonde