Samane skal bli oftare høyrde

Stortinget har vedteke ei lovfesta plikt til å konsultere Sametinget og andre representantar for samiske interesser i saker som gjeld samar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Konsultasjonar sikrar at synspunkta våre blir del av avgjerdsprosessane, som igjen fører til eit betre avgjerdsgrunnlag, seier sametingspresident Aili Keskitalo.

Konsultasjonsplikta gjeld kommune, fylkeskommune og stat, men ikkje saker om statsbudsjettet eller saker der Sametinget har innvendingstilgang etter plan- og bygningslova.

– Når vi i dag kan klappe oss sjølve på skuldrene, så er det mange som fortener ros. Det var ei brei tverrpolitisk semje på Sametinget som gav tilslutninga si til lovforslaget, seier Keskitalo.

Sidan 2005 har konsultasjonsplikta til staten vore regulert av ein avtale mellom regjeringa og Sametinget. Lovfesting av konsultasjonsplikta har vore vurdert sidan 2007.


Desse fem unge lovande bør du halde auge med i framtida. Foto: Ina-Theres Sparrok, Mariann Josefsen, Alice M. Jektevik, Piera Heaika Muotka, Privat. Kollasj: Framtida.no.