Mads (24) skal gå 700 kilometer i 200 år gamle fotefar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ikkje ein sånn super-friluftsfyr. Men eg likar å gå tur i fjellet, og plar gå tre-firedagars turar med bror min om sommaren.

Men denne sommaren er det ikkje ein tre-dagers fjelltur Mads Heggen (24) skal leggje ut på.

12. juni legg han i veg på den nesten 700 kilometer lange Trondhjemske postvei, over fjordar og fjell frå Bergen til Trondheim.

Utanom nokre joggeturar har ikkje Heggen lege i hardtrening før spaserturen, men han tek det heile med knusande ro:

– Når du skal gå så langt, så skal det godt gjerast å ikkje kome form. 

Mads Heggen skal skrive reiseskildringar frå turen, slik han òg gjorde i fjor, då han gjekk frå Ålesund til Trondheim. Foto: Privat

Skal gå same ruta som postboda for 200 år sidan

Mads Heggen (24) er frå Ålesund, og i oppveksten har han tidvis lagt merke til skilt med «Den Trondhjemske postvei» i nærområdet sitt.

Trass i at han studerer musikkvitskap, så vert det lite musikk på øyret medan Mads Heggen går: – Eg må må tenkje på batterilevetid. Foto: Privat

Skilta viser den historiske postruta som vart brukt fast frå slutten av 1700-talet, slik at brev og korrespondanse kom fram i Noreg. Det skulle vere den «Sikreste og Bekvemmeste Post Tour».

Mads Heggen skal gå vegen akkurat som postboda gjorde for over 200 år sidan, noko knapt nokon andre har gjort i moderne tid.

Eit av måla med turen er å auke merksemda kring postvegen, for Heggen merka sjølv kor vanskeleg det var å finne informasjon om ruta før han skulle legge i veg.

– Det finst ikkje så mange gode kart over vegen, så det er vanskeleg å vete kor han går, fortel Heggen. 

24-åringen studerer musikkvitskap og nordisk hjå NTNU, og måtte bruke fritida mellom eksamenar og jobb til å planlegge turen og ringe folk i fylka for å få svar. 

Heggen har òg fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å skrive ei reiseskildring, som gjev eit innblikk i korleis det står til med vegen etappe for etappe.

Slik såg Den trondhjemske postvei over Utvikfjellet ut på 1880-talet. Foto: K. Knudsen/Billedsamlingen UiB

Lyt gå langs motorvegen

Då vegen vart bygd, gradvis frå 1780, tok han utgangspunkt i både eldgamle ferdselsvegar og nye trasear.

Sidan trafikkbiletet har utvikla seg enormt mykje frå den tid, er ikkje heile strekninga som teken frå eit nasjonalromantisk postkort.

– Det er ganske fint overalt, men eg lyt også gå langs motorvegen, seier Heggen og påpeiker at postvegen la grunnlaget for mykje av vegnettet som er i dag.

– Men det er mange strekningar der vegen er godt bevart, slik han var. Det veg nok opp for dei etappane med motorveg. 

Det er ikkje alle delar av Den Trondhjemske postveg som er like idylliske, men dei godt bevarte stadane veg opp for motorveg-strekningane, meiner Mads Heggen. Foto: Privat

På nokre strekningar var ein òg avhengige av båt for å krysse fjordar eller innsjøar, men desse fraktbåtane er ikkje lenger i drift. Mads Heggen har difor ringt rundt i kommunane han skal gå gjennom for å høyre om lokalfolk kan gje han skyss over til andre sida.

Dei fleste puslebitane har falle på plass, og i Fjaler stiller dei til og med med ein historisk vikingbåt, slik at overfarten vert ekstra staseleg.

Heggen fortel at reaksjonane han har møtt har vore positive, og at folk er hjelpsame:

– Dei fleste synest det er langt å gå, men at det er fint eg gjer det. 

Mads Heggen har ein grov tidsplan klar, og reknar med å vere framme i Trondheim til i slutten av juni eller starten av juli. Foto: Privat

Samstundes kjenner 24-åringen på eit ekstra ansvar om at no må han faktisk gjennomføre turen, for rundt om i bygdene står det gode samaritanar med båt og ventar.

– Men eg tenkjer ikkje at det er noko kappløp. 

– Eg skal gå i mitt eige tempo. Om eg går 5 kilometer ein dag, og 30 kilometer ein annan så gjer det ingeting, tenkjer eg.

Pause frå kvardagsmas

Mads Heggen veit allereie litt kva turen kjem til å by på. I fjor brukte han åtte dagar på å gå ein bit av strekninga frå Ålesund til Trondheim.  

Då lærte han kor viktig det er med gode sko, og at han vert sliten i hovudet før han vert sliten i beina, så det gjeld å ikkje tenkje for mykje på at han er trøytt.

Eitt av dei sterkaste minna frå førre sommar er då han var ein time unna Surnadal. Klokka leid mot kveld, det var mørkt ute og det byrja å styrtregne. Heggen frykta teltet ikkje kunne stå mot nedbøren, så han banka på døra hjå eit gardshus og spurde om å få overnatte på låven.

– Dei sa det gjekk heilt fint, men det var fullt av ting og tang der, så det var umogeleg å sove. Då tok dei meg inn i huset og let meg sove på eit gjesterom. Det var utruleg gjestfrie folk, fortel han. 

Mads Heggen bur seg på nokre veker i telt i sommar. Foto: Privat

Også i år er planen å telte, og Heggen er førebudd på at han gå anna enn solskinsdagar i møte.

– Må eg ta pause ein dag så gjer det ingenting.

Han pakkar lett for ferda, for fordelen med ruta er at ein heller ikkje er så langt frå sivilisasjonen. Er han svolten kan han kjøpe mat, og får han gnagsår kan han gå på butikken for å kjøpe plaster.

– Men det vert greitt å ta ei pause frå alt ein treng i kvardagen, seier Heggen. 


I snø og kulde, og med eit slitent esel tek Paul Salopek dei siste stega i den afghanske Wakhan-korridoren, på veg mot Irshad-passet til Pakistan. Journalisten vandrar 33800 kilometer frå Etiopia til tuppen av Sør-Amerika, i samband med prosjektet Out of Eden Walk. Heile reisa kan ein følgje på outofedenwalk.org. Foto: Matthieu Paley