Paul har vandra i åtte år frå Etiopia til Myanmar – overraska over kor enkelt det har vore

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 05.01.2021 07:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den største overraskinga er kor enkelt det har vore. Å gå tusenvis av kilometer over kontinenta høyrest veldig utfordrande ut. På nokre måtar er det det. Men biologisk sett, så er det det vi har utvikla oss for å gjere: Vi er ein nomadisk art i hjarta. 

Det fortel den Pulitzerpris-vinnande journalisten Paul Salopek på e-post til Framtida.no. 

Dei siste åtte åra har han vandra nesten 18.000 kilometer, framleis gjenstår kring 22.400 kilometer.

Han går i fotefara til dei første menneska som forlot Afrika og vandra ut i verda for fleire titals tusen år sidan, frå Herto Bouri i Etiopia til Tierra del Fuego, på tuppen av Sør-Amerika.

– Det kjennest «normalt» og er veldig godt å vandre frå horisont til horisont.

Sakte-journalistikk

Etter årevis med reiser for å rapportere om sosiale problem, miljøet, politikk og krigar, ville Paul Salopek endre den journalistiske framgangsmåten sin. Han ville søke ein djupare, og forhåpentlegvis meir meiningsfull, måte å dele folk sine historier på.

– Eg bestemte at ein interessant måte å gjere dette på var å senke tempoet, og gå gjennom dei moderne hendingane i vår tid. Denne metoden for å samhandle med folk på er veldig gammal, fortel 58-åringen.

– Det er den originale måten vi vart kjende med verda.

Han tok dei første stega på den monumentale spaserturen i januar 2013, frå etiopiske Herto Bouri. Der er nokre av verdas eldste menneskelevningar funne, Herto-skallane som skal vere heile 160 000 år gamle.

Derifrå har Salopek vandra ut av Afrika, gjennom Midtausten, på tvers av stan-landa og er no i Myanmar.

Ei gruppe barn følgjer journalist Paul Salopek medan han går gjennom Afar-regionen i nordvestlege Etiopia, i samband med Out of Eden-prosjektet hjå National Gepgraphic. Følg reisa på outofedenwalk.org. Foto: John Stanmeyer

Heile ferda, hans Out of Eden Walk, kan ein følgje hjå National Geographic. Der skriv Paul Salopek om notidas utfordringar som klimaendringar og flyktningkrisa, fortalt gjennom dei han treffer på turen.

Han har møtt arbeidarane som ber mursteinar på hovudet for å tene til livets opphald, og ein indisk mann som lagar bambussugerør for hand til miljøbevisste turistar, som ikkje vil ha eingangsplast.

Samstundes reflekterer han kring historia til plassane han vitjar nær den tyrkiske grensa går han med parkasen snøra tett til ansiktet til vern mot kulda, rett i nærleiken av der dei ottomansk-tyrkiske soldatane 100 år før møtte styrkane til det russiske imperiet.

Salopek har møtt syriske flyktningar på grensa til Tyrkia, og ved ei anna av landets grenser har han sett spora av det armenske folkemordet.

Sat ein månad i sudansk fengsel

Allereie før han la ut på reisa i 2013 hadde Paul Salopek opplevd meir enn mange gjer i eit heilt liv. Journalisten har reist verda rundt, og arbeidd i nokre av verdas mest utfordrande konfliktområde.

I 1998 vann han sin første Pulitzerpris for å ha granska DNA-prosjektet Humane Genome Diversity Project, og tre år seinare vann han nok ein Pulitzer for artiklar om den politiske uroa og epidemiane som herja i afrikanske land.

I 2006 sat han over ein månad i fengsel i Sudan, då han var i landet som frilansar for National Geographic.

Han har sett nasjonar falle saman og land byggje seg oppatt.

Med denne årelange erfaringa i bagasjen var Salopek sikker på at han var rusta for hindringane som kunne kome til å møte han på ferda.

– Anten det involverer å finne ein vassbrunn i ørkenen i Saudi-Arabia, eller å navigere visaprosessen i Uzbekistan – hovudingrediensen er alltid toldmod, forklarar han.

Paul Salopek ror langs Ganges i Varanasi, den mest heilage byen i hinduismen. Endå det grumsete vatnet ber askene til dei kring 30000 personane som vert kremerte der kvart år, så meiner dei truande at det er reint nok til å drikke. Følg heile reisa på outofedenwalk.org. Foto: John Stanmeyer

Gjekk ned ti kilo på ferda over Karakorum

Etter åtte år til fots har han tallause høgdepunkt å sjå attende på.

Han løftar fram enkeltdagar, som då han fullførte turen gjennom Hedsjas-ørkenen i Saudi-Arabia, då han klatra Hindu Kush-fjella i Afghanistan, eller då han kryssa dei enorme elveslettene i India.

– Men realiteten er at kvar dag kjem med sine eigne forbausingar, og ofte – for meg – så involverer dei folk. Kvar dag på reisa mi, så møter eg framande som ikkje berre interesserer seg for at eg har det bra – men som eg lærer frå. 

Kvar dag har likevel ikkje vore eit glansbilete.

I snø og kulde, og med eit slitent esel tek Paul Salopek dei siste stega i den afghanske Wakhan-korridoren, på veg mot Irshad-passet til Pakistan. Journalisten vandrar 33800 kilometer frå Etiopia til tuppen av Sør-Amerika, i samband med prosjektet Out of Eden Walk. Heile reisa kan ein følgje på outofedenwalk.org. Foto: Matthieu Paley

Han har vore sjuk, og han har vore trøytt. Han vart mellombels slått i bakken av kraftig lungebetennelse i Palestina, var ute av spel nokre veker med dysentri i Pakistan og feberen har brunne i India.

Innan han vakla ned frå verdas nest høgaste fjellkjede – Karakorumfjella i Pakistan – hadde han gått ned nesten ti kilo. 

Og nokre gongar har byråkratiet vore nedslåande: Paul Salopek fortel at papirarbeidet som trengst for nokre visum, kan ta månadar – om ikkje år.

– Men for å vere ærleg, eg har det enkelt, seier journalisten likevel.

Han påpeikar at dette er ei reise han tek fordi han vil, og han har mektige institusjonar i ryggen. Andre er ikkje like heldige:

 Problema mine er ingenting samanlikna med hundrevis av millionar av flyktningar og migrasjonsarbeidarar som flyttar seg over kloden no. Eg møter ofte desse folka, og dei set mine knøttsmå problem i eit sunt perspektiv.

Nokre treng aldri forlate heime

Då Paul Salopek la i veg var den opphavelege tidsplanen at han skulle vere komen til vegs ende i 2020.

Men framleis er han ikkje komen lenger enn til Myanmar, og no lyt han ta ei pause frå vandringa til koronapandemien lettar grepet på verda, og grenseovergangane igjen er opne.

Han understreker at ein ikkje treng leggje ut på eit slikt storslått eventyr som han, for å sjå verda med merksame auge.

Journalist Paul Salopek tek notatar medan han snakkar med bebuarar frå Baiqara, Afghanistan. Baiqara er eit høgt beitelandskap, der Wakhi-folket bur kring 6 månadar kvart år, frå mai til oktober. Følg reisa på outofedenwalk.org. Foto: Matthieu Paley

– Eg møter og beundrar veldig kloke personar kvar dag, som ikkje kjenner verda utanfor sine næraste landsbyar, vegar og gardar.

Men dei er like røynde som kven som helst, like nysgjerrige, like lærevillige. Dei samhandlar meiningsfullt med folka rundt seg, og går ikkje i søvne gjennom livet, fortel Salopek.

– Nokre av oss treng aldri forlate heime for å verte så vakne og merksame. Andre, som meg, som har føter som er sterkare enn hovuda våre, må gå.

– Om der er eit overhengande ord som samanfattar reisa mi, så er det dette: Takksemd. 


– Eg engasjerer meg ikkje for å stoppe norsk våpeneksport, men fordi eg meiner vi må ha ei openheit om kva vi eksporterer og kvar. No legg både næringa og politikarane lok over heile diskusjonen, seier Pål Moddi Knutsen. Foto: Elisabeth Jakobsen