Dette er dei nye smittevernreglane for vaksinerte og andre

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nye nasjonale smittevernreglane trer i kraft torsdag 27. mai.

Desse gjeld for heile landet, men ver obs på at det kan vere lokale tiltak som er strengare enn dette.

Du skal følgja dei strengaste reglane og retningslinjene, anten desse er for området du bur eller det du eventuelt reiser til.

? Dei nye nasjonale reglane tek omsyn til personar som er vaksinerte eller beskytta.

Du vert rekna som beskytta mot korona om du er:
a) Fullvaksinert mot SARS-CoV-2
b) Har fått første vaksinedose for 3-15 veker sidan.
c) Har fått godkjent koronatest for mindre enn 6 månadar sidan.


? Desse fire råda gjeld framleis:

  • Avgrens sosial kontakt – møt så få personar som mogleg.
  • Éin meter avstand til andre enn dei du bur med (både innandørs og utandørs).
  • Hald hendene reine.
  • Hald deg heime om du er sjuk.

Dette er dei nasjonale reglane:

Dette er nasjonale reglar, og du er plikta til å følgje dei.

? Det er framleis plikt til å bruke munnbind når ein ikkje kan halde 1 meter avstand innandørs på offentlege stader som butikk, kjøpesenter, kollektivtransport, taxi, trussamfunn og lokale for kultur- og fritidsaktivitetar.

? Uteliv, servering og skjenking

  • Innslepps- og skjenkestopp kl. 24.00.
  • Ikkje lenger krav om matservering for skjenking.
  • Krav til smitteverntiltak: Registrering, redusert tal på gjestar og krav til avstand, innandørs og utandørs.
  • Arrangement kan servera alkohol på same måte som andre skjenkestadar.

? Så mange kan samlast på arrangement

  • Maks 20 personar på private samankomstar innandørs utanom eigen heim.
  • Maks 30 personar på private samankomstar utandørs utanom eigen heim.
  • Barn i same kohort i barnehage eller barneskule kan møtast med eit naudsynt tal vaksne tilretteleggjarar.
  • Maks 50 personar på innandørs offentleg arrangement utan faste tilviste sitteplassar.
  • Maks 100 personar på innandørs offentleg arrangement/trening/øving/prøvar for deltakarar under 20 år som er frå same kommune.
  • Maks 200 personar på arrangement innandørs med faste, tilviste sitteplassar.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs
    • Men 600 personar (fordelt på 3 kohortar à 200 personar) kan samlast på faste tilviste plassar med minst to meter avstand mellom kohortane.
    • Arrangørar har ansvar for tilstrekkeleg avstand og eventuelt vakthald for å sikre dette.

OBS: Ikkje reis på offentlege arrangement i ein annan kommune om du bur i ein kommune med høgt smittenivå.


Dette er dei nasjonale tilrådingane:

Dette er tilrådingar, og du bør følgje dei.

? Sosial kontakt

  • Ikkje ha fleire enn ti gjestar frå ulike husstandar.
  • Om alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand.
  • Det vert oppfordra til å møtast utandørs. 
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. 
  • Ved besøk heime vert ikkje beskytta med i talavgrensinga, men det må framleis vere mogeleg å halde avstand mellom dei som ikkje er beskytta.

✈️ Reiser

  • Reiser til utlandet er frårådd.
    • Strengt nødvendige reiser kan verte gjennomførte.
  • Innlandsreiser kan verte gjennomførte.
    • Dei som ikkje er beskytta bør planlegge reisa slik at ein i størst mogeleg grad unngår smittespreiing mellom stadar, særleg ved reiser frå område med høgt smittepress.
  • Følg tilrådingane frå kommunen du bur i.
    • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følgje tilrådingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg. Dette gjeld ikkje personar som er beskytta.

? Skular og barnehagar

❗️Barnehagane og skulane følgjer no trafikklysmodellen om grønt, gult eller raudt tiltaksnivå etter lokale vurderingar.

? Høgare utdanning

❗️Meir fysisk undervisning og auka bruk av jamleg testing.
Registrere studentar og seteplassering for å lette smittesporing. 

??‍? Arbeidsliv

  • Heimekontor for alle som har moglegheit og/eller fleksibel arbeidstid.

?️‍♀️ Idretts- og fritidsaktivitetar

  • Det vert oppfordra til aktivitet utandørs.
  • Vaksne over 20 år kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 20 personar (med avstand).
  • Vaksne over 20 år kan drive organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 30 personar (med avstand).
  • Fleire grupper kan samlast på same arena om dei er fråskilt.
  • Barn og unge under 20 år kan få unntak for 1-metersregelen om aktiviteten krev det. 
  • Barn og unge kan delta på fritidsaktivitetar i andre kommunar så lenge smittesituasjonen tillet det.
  • Lag frå små kommunar som ikkje har motstandarar i kommunen, kan reise til nabokommunen for å konkurrere om kommunane har tilsvarande smittenivå.

? Toppidrett

  • Toppidrettsutøvarar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.
  • Det kan arrangerast treningskampar i alle lag i toppidretten, òg i Post-Nord-ligaen (2. divisjon i fotball).
  • Det vert opna for seriekampar tre veker etter innføring av trinn 2 om erfaringane frå treningskampene og smittesituasjonen tilseier det.
Kjelde: Regjeringa, LOVDATA