Kriseminimering i pandemitid: «Eg vil at alle skal lide jamt»

Linn Isabel Eielsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire av vennene mine slit for tida. Motivasjonen er på botn, og annankvar Snap eg opnar inneheld minst eit grinande andlet, ei spritflaske, eller endå verre – ein surdeigsstartar.

Det er ikkje så mange måtar å trøyste folk på heller. Vanlegvis kunne ein tilby kvarandre besøk, eller ein tur på kafé. No kan ein kan berre sende nokre memes, og minne kvarandre på at det syg for alle, og at dette er ekte drit.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Folk har jo hatt det dårleg før pandemien også, men om ein hadde det dårleg før, var det alltid snakk om kva som kunne gjere dagen betre. No går ikkje det an lenger.

Så skru ned ambisjonane, og gje slepp på positiviteten. Det handlar ikkje lenger om lykkemaksimering, men heller om kriseminimering.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Å gå ein tur? Det gjer ikkje at ein får tilbake jobben som ein er permittert frå, men det gjer ikkje dagen verre.

Å lage ein sunn middag, med litt frukt til dessert? Det gjer ikkje at ein får sjå familien sin igjen, eller at munnbind vert gratis for dei med dårleg råd (meg), men det gjer ikkje dagen verre. 

Å ringe ein venn? Det gjer ikkje at ein kan ta ein antibac-pause slik at hendene ikkje fell av, eller at ein slepp å bestille sokkane sine på internett, men det gjer ikkje dagen verre. 

Så slik er min nye filosofi. Kanskje det er på tide å gje slepp på kvardagen mange av oss fortsatt tviheld på, og slutte å prøve ha det så fordømd bra heile tida.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

For eg trur ikkje at eg likar folk som har det bra no.

I starten var det fint med dei som heldt seg positive, men akkurat no vil eg berre nikke til nokon på gata og sjå i auga deira at livet syg hos dei òg.

Eg vil at alle skal lide jamt.

Det gjer ikkje dagen min betre, men det gjer han i det minste ikkje verre.


Les også om kva Linn har lært etter å ha budd i Oslo i eitt år: Gynekologtimar er overraskande OK og det rette å gjere er ikkje alltid det rette

Illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen