Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 får nynorskprisen for journalistar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyheitsankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen for Kulturdepartementets nynorskpris overraska dei i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen på torsdag, heiter det i ei pressemelding.

– Jobbar hardt med språk

– Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm, til juryen.

– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Arill Riise.

TV 2 vil oppmuntre til bruk av begge målformer

Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Dette er ikkje minst ei påminning til TV 2 om at vi må halde i hevd og oppmuntre til bruk av begge målformene, sa TV 2-sjef Olav Sandnes.


Tidlegare prisvinnarar:

2020 – Eivind Molde, NRK

2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende

2018 – Harald Thingnes, NRK

2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen

2016 – Jon Hustad, Dag og Tid

2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad

2014 – Ingunn Solheim, NRK

2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK

2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende

2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende

2010 – Astrid Brekken, NRK

2009 – Ronny Brede Aase, NRK

2008 – Odd Reidar Solem, TV 2

2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen

2006 – Linda Eide, NRK