Måløy-elevar får eige landbaserte oppdrettsanlegg

Om alt går etter planen, skal Måløy vidaregåande skule i Kinn kommune ha ein akvahall klar hausten 2023. Der skal elevane få opplæring i landbasert oppdrett, fortel Ilaks.no.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måløy vidaregåande skule jobbar med prosjekteringa, og vil lyse ut anbodskonkurranse til hausten. Målet er å vere i gang med å bygge i april neste år for at anlegget skal vere klart til bruk året etter.

– Det blir eit småskala landbasert oppdrettsanlegg for opplæring. Alt skjer i miniformat der du kan prøve og feile i trygge omgivnader. Det blir ulike teknologiar, mellom anna RAS-teknologi, seier prosjektleiar for akvakulturutdanninga ved Måløy vgs., Mona Bakke Svarstad til ilaks.no.

Ho fortel vidare at Vestland fylkeskommune har sett av 20 millionar kroner til prosjektet. I tillegg til laks planlegg skulen òg opplæring i oppdrett av andre fiskeartar som reinsefisk og torsk.


Yrkesfag, Kuben vidaregåande. Foto: Beate Haugtrø

Jenter er i mindretal på yrkesfaglinja bygg- og annlegg på norske vidaregåande skular. Illustrasjonsfoto: Beate Haugtrø