Uganda endrar straffelova knytt til homofili – FN fryktar auka stigma og HIV-smitte

FN ber Uganda om å endre eit lovforslag som forbyr forhold mellom menneske av same kjønn.

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert
Oppdatert 17.05.2021 19:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Homoseksuelle forhold mellom menn har vore forbodne i Uganda sidan kolonitida.

No vil eit nytt lovforslag kategorisere alle seksuelle handlingar mellom same kjønn som  “unaturlige lovbrot” som blir sidestilt med sodomi, melder Pink News som først omtalte saka.

Ein talsmann for FNs høgkommisjonær, Rupert Colville, seier at det nye lovforslaget er djupt urovekkande.

– Slike avgjerder bryt ikkje berre Uganda sine menneskerettsforpliktingar og risikerer å undergrave folkehelsa. Det kan også gjere folk redde for å HIV-teste seg og oppsøkje medisinsk behandling, seier han ifølgje Pink News. 

Tusenvis av barn demonstrerte mot homoseksualitet i hovudstaden til Uganda, Kampala, Januar, 2010. (AP Photo / Stephen Wandera)

I Uganda er straffelova for forhold mellom same kjønn endra frå livsvarig fengsel til ti år, likevel representerer det eit alvorleg brot på menneskerettane, seier Rupert Colville.

Han fortel at stigma, diskriminering og vald mot menneske grunna seksuell legning og kjønnsidentitetet allereie er utbreidd i Uganda.

Forbod mot sexarbeid, oral- og analsex

Andre deler av lovforslaget som skaper reaksjonar i FN, er forbodet mot sexarbeid, oral- og analsex for alle par, og obligatorisk og tvungen HIV-testing av tiltalte.

Viss dette blir lov kan det drive sexarbeidarar under jorda og auke risikoen for spreiing av HIV betydeleg, seier Colville.

Også talspersonar frå Uganda reagerer på lovforslaget:

– Eg er djupt skaka over delar av dette lovforslaget som ytterlegare kriminaliserer og  marginaliserer sårbare grupper av medborgarar og nektar dei menneskerettane sine, inkludert retten til helse, seier Winnie Byanyima, administrerande direktør i UNAIDS – Joint United Nations Programme on HIV and AIDS, ifølgje Pink News.

Politiker og diplomat, Winnie Byanyima seier det nye lovforslaget er urovekkande, Her frå  World Economic Forum, WEF, i Davos, Sveits, januar 2017. (Gian Ehrenzeller/Keystone via AP)

Ho oppfordrar lovgivarane til å revurdere lovforslaget. På lik linje med Colville meiner ho at dette kan forverre HIV-situasjonen i landet.

FN støtter ein del av den nye lovgivinga

FN ønsker nokre delar av den omfattande lovgivninga velkommen. Dette inkluderer innføring av eit register over seksualforbrytarar og forbodet mot å bruke valdtektsdop eller dele filmopptak av sex utan samtykke frå personen som medverkar på opptaket.

Likevel insisterer Colville på at lovforslaget som heilskap ikkje er i samsvar med internasjonal lovgivning og standardar og må bli endra umiddelbart.

Lovforslaget gjekk gjennom den tredje behandlinga si gjennom det ugandiske parlamentet 3. mai. Det er venta at det skal bli signert av president Yoweri Museveni, og etter det vil det bli lov.

Uganda sin president Yoweri Museveni talar under London-toppmøtet om familieplanlegging i sentrum av London. 15. februar 2014 seier President Barack Obama at Uganda sin kriminalisering av homofile vil komplisere forholdet USA har til den austafrikanske nasjonen.  (AP Photo / Carl Court, Pool, File)


 

Interessert i å lære meir om kva som har skjedd i Uganda det siste året?

Foto: WoMena UG

Fakta

Anti-homoseksualitetslova i Uganda:

  • Anti-homoseksualitetslova frå 2014 var ei lov vedtatt av Ugandas parlament 20. desember 2013, som forbydde seksuelle forhold mellom personar av same kjønn.
  • Handlinga blei tidlegare kalla “Kill the Gays bill” i vestlege medium på grunn av klausular om avretting foreslått i den opphavlege versjonen. Straffa blei seinare endra til livsvarig fengsel.
  • Lovforslaget blei underteikna i lov av presidenten i Uganda Yoweri Museveni 24. februar 2014. 1. august 2014 avgjorde likevel den konstitusjonelle domstolen i Uganda handlinga ugyldig av prosessuelle grunnar.
  • USA innførte økonomiske sanksjonar mot Uganda i juni 2014 som svar på lova. Verdsbanken utsette på ubestemt tid eit 90 millionar dollar bistandslån til Uganda, og regjeringane i Danmark, Nederland, Sverige og Noreg stoppa bistanden til Uganda i opposisjon til lova.