Skeiv Ungdom reagerer på KrF-vedtak om 18-årsgrense på kjønnsstadfestande behandling

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les det slik at dei har basert seg på frykt og konspirasjonsteoriar og ikkje snakka med folka det faktisk gjeld.

Det seier leiar i Skeiv Ungdom Odd Thomassen på telefon til Framtida.no.

Han reagerer på at KrF på landsmøtet i helga gjekk inn for ei nedre aldersgrense for irreversible inngrep i samband med kjønnskorrigerande behandling.

«Den biologiske kjønnsforståinga»

Ifølgje Aftenposten meiner KrF at: «Barnehager, skoler og institusjoner som møter barn og unge, skal ikke være arenaer for ideologisk kamp der den biologiske kjønnsforståelsen tilsidesettes.»

Partiet vil som nemnt forby irriversibel kjønnskorrigerande behandling før ein er 18 år. Vidare meiner KrF at slik behandling berre skal bli tilbydd nasjonalt, samt styrke forskinga på området.

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) vil hindra at personar angrar på kjønnsskifte. Foto: Stortinget

KrF-politikar Hans Fredrik Grøvan har skrive i avisa Dagen om kvifor KrF si stortingsgruppe går inn for den nye kjønnspolitikken.

– Vi vil ikkje kome i ein situasjon der nokon angrar, seier Grøvan til Aftenposten.

I Noreg får ingen utført kjønnsoperasjonar før dei fyller 18 år, men nokre byrjar med hormonell behandling to år tidlegare, ifølgje avisa.

I eit innlegg i Aftenposten skildrar ei gruppe fagfolk kor stort omfanget av kjønnsstadfestande behandling er i Noreg. Fram til 2011 var det årleg rundt 10–20 pasientar under 18 år, eit tal som har auka til rundt 200 dei siste åra. To av tre som søkjer, er tildelt jentekjønn ved fødsel.

– Det er heilt hårreisande

Thomassen reknar med at KrF har gode intensjonar, men meiner dei ikkje treffer med politikken. Han inviterer difor partiet til å ta kontakt med anten Skeiv Ungdom, FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold eller Pasientorganisasjonen for kjønnsinkroguens (PKI).

Thomassen fryktar at eit forslag som vil hindra tidleg behandling, som bruk av pubertetsblokkar, fram til ein er 18 år vil tvinga transungdom gjennom to pubertetar.

– Det er heilt hårreisande. Kva betyr irreversible inngrep? Eg trur ikkje dei har skjønt heilt kva det inneber. Det strir mot all forsking, seier leiaren i Skeiv Ungdom.

Han viser til forsking som viser at sjølvmordsraten går ned med behandling.

– Jo tidlegare ein får behandling ein har behov for, jo betre, understrekar Thomassen.

Spesialisering og fastlege

Han peikar på at det norske lovverket er langt framme sidan ein sjølv kan søkje om å endra juridisk kjønn etter fylte 16 år.

Vidare meiner Skeiv Ungdom-leiaren at dei nye retningslinjene frå Helsedirektoratet, der ein skal få behandling med lågaste faglege nivå er godt forankra.

Det betyr at ein fastlege kan skrive ut pubertetsblokkarar på same måte som hen kan skrive ut østrogen til kvinner i overgangsalderen.

– Så skal ein sjølvsagt ha det høgspesialiserte på eit nasjonalt nivå. Det er ytterst få som går gjennom genitalkirurgi, seier Thomassen, som gjerne såg at det var eit breiare nordisk samarbeid.


Karoline Skarstein (28) har sjølv vore på skulebesøk og fortald om hennar erfaringar med å kome ut av skåpet som trans. Ho reagerer på KrF sine forslag til politikk på kjønn. Foto: Renate Wiik