Stor auke i talet på jenter som vil ha kjønnsbehandling
143 fleire jenter vart viste til Rikshospitalet for kjønnsbekreftande behandling i 2018 samanlikna med 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2012 vart elleve jenter viste til Rikshospitalet for ei slik behandling. I 2018 var det 154 jenter, skriv NRK.
Mellom 2012 og 2014 var det fleire gutar enn jenter som vart viste til ei kjønnsbekreftande behandling, men dei siste åra har talet på jenter som får tilbod om ei slik behandling, eksplodert.
Internasjonal auke
Behandlinga omfattar hormonell og/eller kirurgisk behandling. Nokre får òg psykoterapeutisk behandling.
Auken av jenter som ønskjer å bli gutar, skjer òg i andre nordiske land, Nederland, Storbritannia og USA, ifølgje NRK.
– Nokre tilhøyrer gruppa som har avvist kjønnet sidan dei var barn og unge. Men av dei som oppdagar ubehag ved kjønnet sitt som tenåringar, slit over halvparten med alvorlege psykiske lidingar. I tillegg er òg stadig fleire plasserte innanfor autismespekteret, seier overlege Anne Wæhre ved Rikshospitalet om kva jenter som ønskjer å skifte kjønn.