No kan du søkja sommarjobb som fiskar
Er du mellom 12 og 25 år kan du i sommar få prøva deg som fiskar gjennom ungdomsfiskeordninga til staten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen
– Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg, og regjeringa er oppteken av at rekrutteringa til fiskaryrket blir halden oppe og styrkt. Ungdomsfiskeordninga har som mål å gje ungdom erfaring frå yrket som fiskar, og føresetnader for å sjå potensialet i denne yrkesvegen, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Han fortel at tiltaket har vore godt motteke, sidan ordninga blei innført på 90-talet. I fjor kom det inn nesten 200 søknader til ordninga.
Ungdomsfiskeordninga gjeld for heile landet i perioden frå og med 15. juni og til og med 7. august 2021. Innanfor dette tidsrommet omfattar ordninga alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.
– Men fisket etter rognkjeks kan starta allereie no, seier fiskeri- og sjømatministeren.
Interesserte ungdommar kan registrera seg hos Fiskeridirektoratet.
- Les også om Mari Boine sin første sommarjobb: Ho arbeidde på campingplass og forsov seg!
Les også om kvardagen som fiskar på sjark: – Ein dårleg dag er når vi får lite fisk og ting går til helvete, slik at det vert mykje ekstraarbeid og skipparen vert forbanna, fortel Isak Dreyer frå Norges tøffeste