Ikkje sidan mars 2020 har færre nordmenn meint at statsminister Erna Solberg (H) gjer ein god jobb, viser ei ny Dagbladet-måling.
NPK-NTB
NPK-NTB

48 prosent svarer at dei synest Solberg gjer ein god jobb, ned frå 54 prosent i førre måling. Den månadlege målinga blir gjennomført av Ipsos for Dagbladet.

Det er andre gong sidan pandemien kom til Noreg at under halvparten av dei spurde meiner ho gjer ein god jobb. Den beste oppslutninga hennar var 59 prosent i januar i år.

48 prosent oppslutning er likevel høgare enn før pandemien, då tala jamt låg i området 35 til 40 prosent.

– Solberg har hatt god oppslutning gjennom heile koronapandemien og er ein relativt populær statsminister. Ser vi på snittet av målingane hennar gjennom 2019, var det på 37 prosent, så at 48 prosent no seier at ho gjer ein god jobb, bør framleis sjåast på som gode resultat, seier Maria Rosness i Ipsos til Dagbladet.

Meiner du Erna Solberg gjer ein god statsministerjobb?

Meiner du Erna Solberg gjer ein god statsministerjobb?

Ja19
Nei148
Veit ikkje7
Svar totalt: 174

Oppdatert: måndag 3. mai 2021 15.24
ANNONSE