Kronprinsessa vert beskyttar for Nynorsk kultursentrum
Kongefamilien fekk nynorskkritikk då Ingrid Alexandra byrja på ein internasjonal skule. No vert kronprinsesse Mette-Marit beskyttar for Nynorsk kultursentrum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ærefullt at kongefamilien vil heidre nynorsk skriftkultur på denne måten.
Det seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.
Litteraturengasjert kronprinsesse
Ordninga med kongeleg beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet, ifølgje kongehuset.no.
Kronprinsesse Mette-Marit har i ei årrekkje vore engasjert i formidlinga av norsk litteratur og er allereie beskyttar for Hamsundagane.
– Kronprinsessa er eit førebilete med si genuine interesse for litteratur, og anerkjenninga hennar er ein stor inspirasjon for oss, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum har som føremål å arbeide for nynorsk skriftkultur gjennom arrangement, utstillingar, forsking, dokumentasjon og fysisk og digital formidling.
Stiftinga driftar Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Asentunet i Ørsta, der dei kvart år arrangerer Dei nynorske festspela.
Nynorskkritikk
Då det vart kjent at Ingrid Alexandra skulle gå på privatskulen Oslo International School, fekk kongefamilien kritikk frå Noregs Mållag for å ikkje prioritera nynorsk i opplæringa.
Mette-Marit svara til NTB at dei hadde sett i verk fleire tiltak, som at prinsessa måtte lese Å vere i livet av Halldis Moren Vesaas i forbindelse med kongeparets 25-årsjubileum.
– Nynorsk er ein veldig viktig del av norsk identitet og kultur. Det er viktig for mange som har det som morsmål. Og det er vår jobb som foreldre, å sørgje for at prinsessa blir opplært i nynorsk. Det er vi veldig bevisste på og gjer heime, sa kronprinsessa i 2016.
Les også: Maud Angelica (17) med sitt første prosjekt for psykisk helse
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit har desse faste beskyttarskapa:
- Agder Vitenskapsakademi
- Amandus Filmfestival
- Det Norske Jentekor
- FOKUS
- Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
- Hamsundagene
- Kristiansand Internasjonale Barnefilmfestival
- Norges Røde Kors
- Norges Speiderforbund
- Norsk Bibliotekforening
- Nynorsk kultursentrum
- Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival
- Risør Kammermusikkfest
- Rådet for psykisk helse
- Skamløsprisen
- Stiftelsen Fullriggeren ”Sørlandet”
Kjelde: Kongehuset.no