Ny Supermann-film blir spelt inn på Svalbard
Dei siste dagane har dei første scenene av nyinnspelinga av «Supermann» vorte spelte inn i Adventdalen på Svalbard.
Det stadfestar regissøren James Gunn til Svalbardposten.
– Vi har filma dei første scenene, som er når Supermann flyktar til isfestninga. Vi ønskte ein stad som var vakker og som kjendest som å vere midt ute i Arktis, og såg derfor på fleire stader i verda. Men det var mange ting som selde Svalbard for oss framfor dei andre stadene. For det første er det den naturlege venleiken. Men også det at du finn eit variert landskap her som du ikkje finn andre stader. Naturen gir ei spesiell kjensle, seier Gunn.
Regissøren skreiv sjølv på Instagram torsdag førre veke at dei hadde starta innspelinga same dag. Han seier til Svalbardposten at dei no er ferdige med innspelinga på Svalbard.
Gunn skryter også av lokalbefolkninga i Longyearbyen, for å ha teke han imot med opne armar.
Logistikken for filminnspelinga er den lokale Jason Roberts og selskapet hans, PolarX, som har stått for. Roberts sjølv reknar med at dei har vore cirka 200 personar involverte i produksjonen.
Filmen, som blir produsert av DC Studios, har førebels lanseringsdato 11. juli neste år.