Arbeidarpartiet på botnnivå blant studentane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap får ein oppslutnad på 19,3 prosent, som er ein nedgang på 6,2 prosentpoeng sidan førre studentmåling, skriv Universitas. Det er første gongen Ap er under 20 prosent sidan målinga byrja i 2014.

SV-leiar Audun Lysbakken er nøgd med tala frå målinga. Foto: SV

SV pustar Ap i nakken etter ein auke på 3,3 prosentpoeng.

–⁠ Det er veldig gøy og inspirerande! No må vi gå for å bli størst blant studentane når det er så lite som manglar, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Ikkje fornya tillit til regjeringa

Regjeringspartia aukar i oppslutning, men ville ikkje fått fornya tillit viss studentane bestemde.

Høgre får 16,4 prosent (+2,9 frå førre måling), medan Venstre og KrF får høvesvis 5,2 (+0,8) og 4,4 prosent (+1,1).

Resten av partia gjer det slik på målinga: MDG 9,5 (-2,6), Sp 8,8 (+1,8), Raudt 6,7 (-1,1), Frp 6,3 (-1,6) og andre parti 4,5 (+1,5).

Totalt 997 personar svarte på undersøkinga. 16,6 prosent seier at dei usikre på kva dei skal stemme.


20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet