Andre sesong av «Ragnarok» kjem på Netflix

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor engasjerte serien «Ragnarok» med illevarslande dommedagsvisjonar med klimavri og norrøn mytologi.

27. mai er det premiere globalt på andre runde av det norskspråklege dramaet, melder Netflix.

Strøymetenesta viser òg fram dei første bileta frå andre sesong av oppvekstdramaet som er spelt inn i Odda.

Det blir gjensyn med Herman Tømmeraas og Emma Bones i andre sesong av «Ragnarok». Foto: Francisco Munoz / Netflix

Netflix melder at det «byggjer på ein ny og overraskande vinkel på norrøn mytologi», og lokkar med kva som er i vente:

«Kva gjer du når du er ein 17 år gammal elev på vidaregåande skule, som nettopp har innsett at du står opp mot ein eldgammal og ekstremt kraftig fiende som held ein heil by, kanskje til og med eit heilt land, i eit jerngrep?»

Andre sesong av «Ragnarok» slepp laus globalt 27. mai på Netflix. Her Danu Sunth. Foto: Øystein Fixe / Netflix

Tøffare for Magne

Magne – spelt av David Stakston – må akseptere at no som han er klar for kamp, er fiendane for mange og for sterke, heiter det vidare om handlinga – og han må leite seg fram til andre menneske med overnaturlege krefter.

Han står òg overfor det eksistensielle spørsmålet om kor langt han er villig til å gå for å redde familien sin.

Det blir lova tøffare konfliktar, meir fokusert vondskap – og ikkje uventa meir desperate val.

I sesong 1 oppdaga Magne at han hadde spesielle krefter. Han står overfor tøffare tak i andre sesong av «Ragnarok» på Netflix. Foto: Christian Geisnæs / Netflix

På rollelista står òg Danu Sunth, Jonas Strand Gravli, Theresa Frostad Eggesbø, Herman Tømmeraas, Emma Bones, Henriette Steenstrup, Odd-Magnus Williamson, Synnøve Macody Lund, Bjørn Sundquist og Gísli Örn Garðarsson.

Nye skodespelarar er òg på plass i form av Vebjørn Enger, Benjamin Helstad, Billie Barker, Jesper Malm og Espen Sigurdsen.

Serieskaparar og manusforfattarar er danskane Adam Price og Emilie Lebech Kaae, medan regissør er Mogens Hagedorn.


Tobias Santelmann spelar Finn, ein fåmælt sauebonde, og måtte lære seg å roe ned tempoet i det meste. – Eg gav meg sjølv oppgåver – som kor lang tid eg kunne bruke på å seie «nei», kor lang tid eg kunne bruke på å seie «unnskyld», seier Santelmann til NTB. Foto: HBO Nordic