«Velkommen til Utmark» og Noregs eige westercountry

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Serieskapar Kim Fupz Aakeson seier til NTB at sivilisasjon er «ein skrøpeleg konstruksjon».

– Kvar gong vi trår tilbake eller sjuskar med det, så tek dei sterkaste og rå kreftene over. Vi må heile tida passe på, halde ved like og insistere på, fordi det er så lett å dukke seg og gi etter for den sterkaste, seier dansken til NTB.

Folka bak «Velkommen til Utmark: Produsentane Stein Kvae og Finn Gjerdrum i produksjonsselskapet Paradox omkransar regissør Dagur Kári og manusforfattar og serieskapar Kim Fupz Aakeson. Foto: Håkon Borg / HBO Nordic

Serien, som har premiere på strøymetenesta søndag 18. april, er lagt til eit aude hjørne av Nord-Noreg, ikkje nærare bestemt. Aakeson kallar det for «Nordens frontier» og seier til NTB:

– Det er vårt westercountry, der det er skytevåpen, der det er alkohol og der det er ei opphavleg befolkning. Det var så opplagt å lage ein småby med ein prest, ein sheriff, ein bedemann, ein bar. Og eit slikt lite samfunn er jo nettopp trygt, fordi alle kjenner alle, og klaustrofobisk – fordi alle kjenner alle.

Sjå traileren til serien: 

https://youtu.be/BnBo7ByWa9o

Nordleg vill vest

Ei stjernerekkje skodespelarar byr på eit mørkt drama med lysglimt og humor, som allereie har fått begeistra meldarkarakteristikkar som «Coen møter Twin Peaks på Finnmarksvidda». Det er ikkje første gong dansken tek for seg utkantnoregs mørkare sider:

Kim Fupz Aakeson skreiv manus til mellom anna Hans Petter Moland-filmen «Kraftidioten» frå 2014. Men fekk auga opp for mektig, norsk natur allereie to år tidlegare – i arbeidet med den tysk-norske spelefilmen «Gnade», som går føre seg i Hammerfest.

– Eg vart blåsen av banen over naturen, kor små vi er, kor vill og heftig Mother Nature er der oppe. Det er ikkje den danske røyndommen: Hos oss er naturen ei avgjerd, «her lar vi nokre tre stå så vi har ein skog, her byggjer vi ikkje, så vi har ein park». Men i Noreg er det omvendt, der må mennesket finne seg i å leve i skuggen av noko mykje større, villare og kraftigare, seier Aakeson, og innrømmer villig vekk at danskane er misunnelege.

«Velkommen til Utmark» vart innspelt i Enebakk og på Røros, sjølv om handlinga utspelar seg i ei bygd i Nord-Noreg nær russargrensa. 18. april står premieren på HBO Nordic. Foto: HBO Nordic

Mystisk naturmann

Det er islendingen Dagur Kári som har regihand om «Utmark», med galleriet av alkoholisert sauebonde, macho reingjetar, ei tidlegare skjønnheitsdronning, ein stakkarsleg veslebror som liker dameklede og så vidare.

Og to av hovudrolleinnehavarane, Tobias Santelmann og Marie Blokhus, kan ikkje få fullrost å jobbe med den prislønte – og nokså innadvende – islendingen. Santelmann påstår til og med at han prøvde å la seg «smitte litt av den indre rytmen og tempoet», då han skulle spele rolla som den tause sauebonden Finn.

Tobias Santelmann, Marie Blokhus, Stig Henrik Hoff og unge Alma Gunter har store roller i «Velkommen til Utmark» – den nye HBO-satsinga som har premiere 18. april. Regissør er islandske Dagur Kári (nummer 2 f.h.), som dei alle roser. Foto: Agnete Brun / HBO Nordic

For det var ein type rollekarakter som den energiske Santelmann ikkje hadde prøvd seg på før.

– Eg snakkar i andre tempo, og på annan dialekt – nordnorsk, så det var som eit heilt blankt lerret. Eg gav meg sjølv oppgåver – som kor lang tid eg kunne bruke på å seie «nei», kor lang tid eg kunne bruke på å seie «unnskyld», ler han og legg til:

– Eg fekk masse kjærleik for han. Finn har problem, og ja – han er alkoholikar og seier og gjer ting ein ikkje skal gjere og seie. Men hjartet hans er udiskutabelt stort, han vil berre godt, men er ikkje så god til å snakke om kjensler og konfliktar.

Ikkje rart det allereie tidleg i serien går gale mellom Finn og kona Siri, som landa i bygda som 19-åring ved eit tilfelle der ho og venninnene frå Oslo festa seg forbi. Ho vann ein skjønnheitskonkurranse – Miss Midnight Sun – og fall for den tause og mystiske naturmannen Finn.

Skal du sjå «Velkommen til Utmark»?

Skal du sjå «Velkommen til Utmark»?

Ja! Er spenn klar til søndag.36
Nei, interesserer meg ikkje.0
Berre dersom eg vert tvinga av andre. 0
Kanskje, etter kvart. 4
Svar totalt: 40

Smerte og humor

Men som det heiter i HBOs skildring: «Siri fann sakte ut at bak Finns tause ytre var det lite visdom, og absolutt ikkje noko mysterium, berre sauemøk og hardt arbeid».

Siri blir spelt av Marie Blokhus, som seier ho er stolt over å vere med i «Utmark». Rolletilbodet kom då ho var på filminnspeling i Litauen. Å lese manus til nokre av episodane, og dessutan ein Skype-samtale med Dagur Kári, overtydde henne.

– Og i dette tilfellet stemde aninga mi om at dette vart bra, seier Blokhus, som har sett «Velkommen til Utmark» i ferdig tilstand og seier den går føre seg i eit heilstøypt univers og er «skikkeleg bra».

Stig Henrik Hoff spiller reingjeteren Bilsi, som skildres som en opportunistisk og materialistisk kar på toppen av næringskjeden – som også inkluderer vodkasmugling. Foto: HBO Nordix NTB kultur

– Dagur Kári har eit djupt menneskeleg nærvær, og er interessert i balansen mellom smerte og humor. Det er ei artig rammehistorie – om korleis historiene til folk kryssar, anten det er i hemn eller kjærleik. Ja, karakterane er litt «store». Men samtidig blir serien kjenneteikna av skildringa av lengsla etter kontakt med andre menneske, og det vesle mennesket i den store naturen. Karakterane verkar ulike, men blir alle gjennomsyra av ei lengsle som det er noko ømt over, seier Marie Blokhus:

– Å sjå hjelpeløysa til andre skildra så presist, gir sjåaren ei lette – vi har alle noko å streve med. Eg trur årsaka til at den resonnerer i meg, har noko med at det midt i den mørke humoren òg er presise drypp av håp. Det er veldig vakkert å sjå, ikkje minst når vi under denne pandemitida har levd så skilde frå kvarandre.

Pandemisk relevans

«Velkommen til Utmark» har premiere i heile Europa, og er ein del av satsinga til strøymetenesta på nordiske originalseriar. Derfor sat Tobias Santelmann og Marie Blokhus ein dag denne veka i nettintervju med mellom anna ei rekkje polske journalistar, som har vist stor interesse for den norske serien.

– Eg spurde dei rett ut, eg, seier Tobias Santelmann:

– Kvifor Polen? Og då svarte dei at «Utmark» var attkjennande, at slike stader der alle kjenner alle har dei mange av i Polen. Dei kjende òg igjen misera, at nokre menneske får tildelt dårlegare kort enn andre – ei dårleg hand som ein berre må gjere det beste ut av.

Serieskaper Kim Fupz Aakeson kallar det nordlege Noreg for «Nordens frontier». Foto: HBO Nordic

Santelmann meiner regissør Dagur Kári klarer å treffe noko menneskeleg og gjenkjennbart og sårt, og føyer seg til det kollega Blokhus seier om at «Velkommen til Utmark» har fått ein ekstra relevans i koronatida – sjølv om den vart innspelt i 2019.

– I den tida vi har no, er einsemd og det å trenge nokon, samtidig som ein prøver å stå i eit liv som eigentleg er ganske vondt og vanskeleg, vorte ekstra aktuelt. Alle karakterane i dette dramaet har ei sorg, eit mørke, samtidig som dei prøver så godt dei kan.


Les også: Safari hadde aldri sett elg – no håpar han på isbjørn

På førre noregstur fekk Safari møte den tamme elgen Krompen på Glittersjå i Jotunheimen og køyre båt på Sognefjorden. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)